NRK Meny
Normal

Tiåringar lokkast til nettsex

Barn heilt ned til 10-12 års alderen deltar i nettsex. - Eit aukande problem blant barn, seier Kripos.

Tastatur
Foto: Stig Morten Waage / NRK

Nettsex blant ungar og ungdom er eit aukande problem.

Politiet trur det er store mørketall, men ingen kan dokumentere omfanget av problemet.

- Ver vakne foreldre, er rådet frå Kripos.

Startar med spel

Det startar gjerne med at ungane går inn på ei spelside på nettet, og når kontakt med ein annan spelar er etablert, kjem spørsmålet om nettsex.

Tone Davik leiar den taktiske etterforskingsgruppa i Kripos som arbeider med sexualisert vald.

Tone Davik

- Foreldre må vere vakne, oppmodar Tone Davik i Kripos.

Foto: Anne Lognvik / NRK

- Ungdom chatter og kjem i kontakt med personar som gjer seg ut for å vera nokon dei ikkje er, seier Davik.

Endar med valdtekt

Davik fortel at dei unge blir oppmoda til å ta av seg kleda, posere og gjere ting med seg sjøl foran webkameraet. Dei unge trur at dette kun er for den som sit på andre sida av kameraet.

- Det dei ikkje veit, er at dei og kan bli filma av den som sit og ser på. I enkelte tilfeller blir filmen distribuert og lagt ut på nettet, fortel Davik til NRK.

Ikkje berre blir bilete og film av ungar lagt ut på nettet, men i ein del tilfeller blir også jenter og enkelte guttar lokka til å møte sexpartneren frå nettet, og det kan ende med valdtekt.

Ungar veit

Nettsex er når to møtest over nettet med webkamera, mikrofonar og anna utstyr som gjer at dei kan sjå og høyre kvarandre via pc-skjermen.

Ved å søkje litt på nettet, er det ikkje vanskeleg å finne bilete som er lagt ut av nakne og halvnakne barn.

Og debatten rasar på nettet, også blant dei unge nettbrukarane. Nokon synest det er greit om ein gjer det med ungdom på eigen alder. Andre er bekymra og ber om hjelp til å få stoppa det.

Høyr kva ungar NRK har snakka med seier om nettsex

Les: Serverer barn sex, vold og skrekk

Les også: - Kraftig økning i overgrep på nett