Hopp til innhold

Terroråtaket i Tyrkia skremmer folk

Dagens terroraksjon i Istanbul i Tyrkia får norske turistar til å tenke seg om før dei vel reisemål.

Arild Mastereid, Gry Kimerud og Kristin Clemmesen

Reisebyrå merkar at terroråtak for folk til å tenke seg om før dei vel reisemål for ferien.

Foto: Roald Marker / NRK

Januar er ein travel månad for reisebyråa, og mange avgjer kor dei skal reise til sommaren alt nå. Andre vil ta ein snartur til sol og varme.

– Vi skal ein tur til Gran Canaria, seier Gry Kimerud.

For akkurat i dag fristar det ikkje med Egypt og Tyrkia.

– Dit reiser vi ikkje, seier Arild Mastereid.

Og det er terroråtaka som gjer at reisemåla ikkje fristar.

– Det kjennest litt tryggare å reise til Gran Canaria, seier Kimerud.

Arild Mastereid og Gry Kimerud

Arild mastereid og Gry Kimerud vil til sol og varme på Gran Canaria. Tyrkia fristar ikkje som reisemål nå.

Foto: Roald Marker / NRK

Vil ikkje la vere å reise

Tysdag råka terroren på nytt. Denne gongen i Istanbul. Klokka 9.30 tysdag eksploderte ei bombe, 10 personar blei drepne, femten er såra, blant dei ein nordmann.

Arnfinn Berg seier han tenkjer litt på det når han høyrer om kva som har skjedd.

– Men i morgon ville eg kunne ha reist til Istanbul. Då trur eg ikkje det skjer noko, men kanskje ikkje om ein månads tid.

Han planlegg ein tur til ei øy i Middelhavet med familien.

– Eg kan ikkje la terroråtaka hindre meg i å reise, seier Berg.

Arnfinn Berg og Kristin Clemmesen

Arnfin Berg vil finne ein ferietur til ei øy i Middelhavet hos Kristin Clemmesen i G Travel.

Foto: Roald Marker / NRK

Færre vil reise til Tyrkia og Egypt

Kristin Clemmesen i reisebyrået G Travel i Skien seier at terroråtak påverkar folk sine reisevanar. Ho trur det vil bli færre som reiser til Tyrkia enn det som er normalt på denne tida av året.

– Men på denne tida reiser mange til kanariøyene. Vi må heile tida høyre på kva utanriksdepartementet og turoperatørane meiner er trygge reisemål, seier Clemmesen.

Egypt har også blitt råka av fleire terroraksjonar, noko som igjen har råka reiselysten.

Clemmesen fortel at det har det vore urolege tilstandar her lenge, og det har reisebyråa merka veldig godt. Turoperatørane har kansellert fleire turar fordi det ikkje var mange nok som vil reise.

– Egypt slit. Turistnæringa der blør, seier Clemmesen.

Reiser til andre stader

Men blir det rolegare tider, så meiner Clemmesen at turistnæringa vil ta seg opp igjen.

Reisebyråa merka også terroråtaka i Paris og Brussel den første tida, men på denne tida er ikkje Paris høgsesong.

– Men salet av reiser til andre delar av Frankrike er akkurat som det brukar å vere.

Folk lar seg likevel ikkje skremme frå å reise, men dei reiser i staden til andre stader som ikkje nyleg er blitt råka av terroråtak.

– Det har vore terroråtak i London og New York også, og reiselysten kjem igjen etter ei stund når det blir rolegare.