NRK Meny
Normal

Brettlegende i Sondres leikegrind

I dag opna snøbrettlegenden Terje Haakonsen Oftejordet Skileik. Arenaen ligg på same staden der Sondre Norheim i si tid vann det fyrste organiserte skirennet.

Terje Haakonsen

Terje Haakonsen (i blått) på Oftejordet, snart 150 år etter at Sondre Norheim vann det fyrste offisielle skirennet på same staden.

Foto: Privat

Det nye skileikanlegget i Høydalsmo har kosta godt over 800.000 kroner i reine pengar. Men viktigare enn pengane er dugnadsarbeidet.

– Det er eldsjeler i vesle men handlingskraftige Høydalsmo Idrettslag som har gjort anlegget mogeleg, seier Sten Rune Sannerholt, medlem i arbeidsgruppa til byggeleiar Sigbjørn Teigland Hansen.

Les også:

Vil la frikjørere teste ut middelalder-ski

Vil heidre Olav Bjaaland med statue

Eit drygt steinkast for Haakonsen

Terje Haakonsen og Sten Rune Sannerholt

Terje Haakonsen (til venstre) og Sten Rune Sannerholt, Høydalsmo Idrettslag.

Foto: Privat

Brettkunstnaren Terje Haakonsen er fødd og oppvaksen nokre dryge steinkast nordvest for Oftejordet Skileik. I dag tok han den to mil lange turen frå juleferie heime i Åmot over Grønliheia til Høydalsmo, der han stod for den offisielle opninga.

– For min del er det eit feitt om folk brukar hoppski, langrennsski eller slalåmski. Eller snøbrett. Men alle som prøver vil forstå at mat og drikke smakar best etter ein dag med skileik, seier brettlegenden før snorklippinga.

Løypemøtet i 1866

Anlegget på Oftejordet ligg på same staden som Løypemøtet på Ofte blei arrangert i 1866. Skihistorikarane reknar Løypemøtet på Ofte som det fyrste organiserte skirennet i Noreg. Mellom dei som konkurrerte på Oftejordet den historiske februardagen for snart 150 år sidan, var Sondre Norheim. Skisportens far tok den drygt 10 kilometer lange turen frå Morgedal, og truleg tok han den fyrste offisielle premien då han vann tevlingane i Høydalsmo.

Halve bygda på opningsfest

I dag deltok godt over 200 personar på opningsfesten. Også været var i festhumør med blank himmel og i underkant av ti minusgrader.

Oftejordet Skileik

Godt over 100 høysekkar møtte opp til opninga av Oftejordet Skileik.

Foto: Privat

Eldsjelene i Høydalsmo Idrettslag trur at det nye anlegget vil bygge opp om skiinteressa i bygda.

– Anlegget ligg sentralt i Ofte sentrum, slik at det er mogeleg å kome til og frå utan foreldreskyss, seier Sten Rune Sannerholt.

I tillegg til dugnadsarbeid er det tilskot frå eit av dei store forsikringsselskaps som har gjort det mogeleg å bygge. Anlegget, som er utstyrt med skiheis, flaumljos og heishus, held ope onsdag kveld i tillegg til laurdagar og sundagar.

Den 13. til 15. februar ventar eit nytt storhende på Oftejordet Skileik. Då er det klart for den 4. utgåva av Oftejordet Challenge med bigjump og railkonkurranse.