NRK Meny
Normal

Tener 300.000 på å bytte kommune

Fruktbonde Ole Christoffer Røste på Hjuksebø i Telemark kan tene 300.000 kroner på at kommunegrensa kjem på den andre sida av garden hans. Dersom Hjuksebø får bli ein del av Notodden, vil han leige jord på nabogarden og plante fleire frukttre.

Ole Christoffer Røste

Fruktbonde Ole Christoffer Røste kan tene 300.000 kroner på at garden bytter kommune.

Foto: Mikkel Aanderaa / NRK

Innbyggarane på Hjuksebø har i mange år kjempa for å bli ein del av Notodden kommune i staden for Sauherad som no. Prosessen er i gang, og blir kommunane einige kan grensa bli justert frå 1. januar 2020.

Telemarksforsking er i gang med ein rapport om konsekvensane av å bytte kommune. Den skal vere klar midt i november.

Les også: – Vi vil til Notodden

Dobbelt tilskot

Men alt no er det klart at bøndene får langt betre økonomiske vilkår om kommunegrensa blir flytta fire kilometer. Tilskot er delt inn i soner og Notodden er i ei anna sone enn nabokommunen Sauherad. For fruktbøndene utgjer det ei dobling av produksjonstilskota.

– Om vi reknar 100 dekar med morellar og eple på Hjuksebø, så kan bøndene få mellom 400.000 og 700.000 kroner meir kvart år avhengig av avlingane. Det blir rein netto, så dette vil styrke økonomien vesentleg, seier rådgjevar Dag Gjermund Roheim på Midt-Telemark Landbrukskontor.

Satsar vidare

Ole Christoffer Røste er i gang med å plante 50 dekar med frukt på Hjuksebø. Om bygda får bli ein del av Notodden kommune, får han 300.000 kroner ekstra i produksjonstilskot kvart år.

– Det vil betre lønsemda i næringa kraftig. Dette er pengar som eg har god bruk for og som kjem godt med for å utvikle drifta vidare og satse endå meir, seier han.

Røste har planar om å leige jord på nabogarden og plante fleire frukttre om tilskota aukar så kraftig. Då vil han plante fleire eple- og morelltre.

Styrke for Notodden

Gry Fuglestveit

Ordførar Gry Fuglestveit Bløchlinger meiner det blir ein styrke for Notodden å få fruktprodusentar.

Foto: Mikkel Aanderaa / NRK

Ordførar på Notodden, Gry Fuglestveit Bløchlinger, er glad for at bøndene vil satse dersom det skulle bli ei grensejustering om to år.
– Dette må berre vere positivt. Det vil vere ein styrke for Notodden som kommune at vi får meir fruktproduksjon. Vi er store på solbær, men vi treng også fleire arbeidsplassar i jordbruket, seier ho.

Nye produsentar

Ole Christoffer Røste håpar det vil føre til at også andre på Hjuksebø blir freista til å satse på fruktproduksjon, anten aleine eller i samarbeid mellom fleire aktørar som eig eller leiger jord.

– Er du ikkje redd for at tilskota blir justert ned igjen?

– Det kan nok skje, og dei vil nok bli harmonisert over tid. Men eg trur vi skal utnytte det handlingsrommet vi kanskje får no til å bygge opp ein endå meir levekraftig verksemd, seier Ole Christoffer Røste.