Hopp til innhold

Tellemarck - ein satirisk western

Morten Øen har skrive ein roman frå Vest-Telemark som han meiner ikkje blir lett å plassere i nokon bås.

Morten Øen

Forfattaren Morten Øen med Tellemarck - den femte romanen han har skrive.

Foto: Jannicke Møller Andersen / NRK

Morten Øen er forfattar og bur i Nissedal. I si femte bok brukar han heimkommunen som bakteppe for å skrive det forlaget presenterer som ein satirisk westernroman. Sjølv meiner han at boka ikkje er lett å plassere i ein litterær sjanger.

– Den er litt forvirrande. Boka startar med ein introspektiv middelaldrande mann og går over til ein slags postakopalyptisk sci-fi western. Så er vi litt tilbake til krigen og til vikingtida, og så flyttar vi på oss, seier Øen.

Øen seier at boka handlar om å fortelje ei morosam historie.

– Boka handlar om to menn og ei bikkje, eit aude landskap, ein død forfattar og deira ville ferd gjennom Vest-Telemark på ein snøskuter frå 70-talet.

Han trur det er folk som vil kjenne seg igjen i boka, utan at han vil avsløre namn.

– Men dei veit det, og synest det er okay, seier Øen.

Skriv fiksjon – men brukar seg sjølv

Ein av karakterane i boka er Morten Øen sjølv. Ofte er det slik at forfattaren skaper ein karakter ved å ta trekk frå tre personar og bygge det saman til ein ny person.

– Men vi må hugse på at det er fiksjon, og at det ikkje er meg. For Øen er ein kødd i denne boka, for å seie det mildt, seier Øen.

Han fortel at det er masse forskjellig som inspirerer han til å skrive.

– Eg ser på såpeopera, trash-tv og les såkalla finlitteratur. Eg prøvar berre å vere til og gå ut for å treffe folk, og så samlar eg det i ein trykkokar. Ein dag så tenner eg på komfyren og setter lokket på. Då blir det bok av det.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark