– Det kom nye telefonar kvart sekund

Anne Marte Nesdal Sandnes opplevde å få telefonnummeret sitt misbrukt av svindlarar. Plutseleg strøymde det på med telefonar frå folk som spurde kvifor ho hadde ringt.

Anne Marte Nesland Sandnes

TELEFONSTORM: Anne Marte Nesland Sandnes fekk så hyppige oppringingar at ho ikkje greidde å ringe eller skrive melding til teleselskapet sitt.

Foto: Privat

– Det tok heilt av. Kvart sekund kom det nye telefonar. Fyrst var det 50 anrop, så var det 100 anrop, 200 anrop ...

Anne Marte Nesdal Sandnes vart utsett for det som blir kalla «spoofing». Med ei enkel programvare, kan selskap gje seg ut for å ringje frå reelle norske nummer. Denne gongen vart det hennar nummer dei lånte.

Til saman var det over tusen som tok kontakt med henne. Sjølv om ho fekk nytt nummer frå teleselskapet, tok ikkje problema slutt. Da skreiv ho denne posten på Facebook:

NB! TELEFONSVINDEL I dag er det noen som har "tatt" telefonnummeret mitt og brukt det til å svindle folk med. Hundrevis...

Publisert av Anne Marte N. Sandnes Mandag 19. februar 2018

Sandnes seier det er ei skikkeleg ubehageleg oppleving. Over ei veke etterpå, fekk ho meldingar om at nummeret også vart brukt i Danmark. Samtidig stolar ho på at teleoperatørane gjer det dei kan.

– Dei vil jo det beste for kundane sine, håpar eg. Men det er utruleg synd at det ikkje er noko meir dei kan gjera for å hindre det.

Greier ikkje å hindre svindel

Sjølv om svindelanropa kjem frå utlandet, vil ein ikkje sjå ei landskode. Det ser ut som personen i den andre enden sit i Noreg.

Kristian Fredheim Telia

BERRE LÅN, IKKJE TJUVERI: – Ingen norske mobilnummer blir stolne, men nokon gjev seg ut for å vera deg, seier kommunikasjonsrådgjevar i Telia, Kristian K. Fredheim.

Foto: PRIVAT

– Svindlaren dreg på seg ein slags kamuflasje. I staden for at det står +44 eller ei anna landskode, står det eit norsk nummer, seier Kristian Fredheim i Telia.

– Når ei «spoofa» samtale kjem inn i mobilnettet vårt, kan vi ikkje registrere om det er ei falsk samtale. Dette gjer det vanskeleg å hindre slike anrop, seier Fredheim.

– Kva kan bransjen gjera?

– Vi oppfordrar kundane til å vera varsame. Og det finst grep for å hindre at det spreier seg når det fyrst er i gang.

Har blokkert éin million anrop

Caroline Lunde i Telenor seier at kundar tek kontakt dagleg for å melde ifrå om svindel. Dersom nokon opplever at nummeret blir misbrukt, kan Telenor hindre at internasjonale aktørar ringjer til Noreg med desse nummera.

– I løpet av dei siste par åra har vi sperra mellom éin og to millionar svindelanrop gjennom våre system, seier Lunde.

Ho oppmodar folk til å ta kontakt dersom dei mistenkjer at nummeret deira har blitt brukt av andre.

Caroline Lunde

IKKJE FARLEG, MEN IRRITERANDE: – Det er ikkje farleg dersom nummeret ditt blir misbrukt, og ingen kan ta over telefonen eller abonnementet. Men folk synest det er både skremmande og svært irriterande, seier Caroline Lunde i Telenor.

Foto: Telenor

Ver varsam

Kristian Fredheim har fem råd dersom du får ein mystisk telefon:

  • Ver kritisk og legg på dersom du er mistenksam
  • Legg på om nokon seier at du har virus på datamaskina
  • Aldri last ned eller installer programvare
  • Aldri gje frå deg sensitiv informasjon
  • Hugs at ingen profesjonelle aktørar spør etter personlege opplysningar

Sjølv har Fredheim andre triks for å irritere svindlarane. Dei gongene han har blitt ringt opp frå slike, har han utfordra dei.

– Etter 20 minutt med frustrerande teknisk arbeid, avslører eg at eg har Mac og ikkje PC. Orda dei da skrik i røyret forstår eg ikkje, men det høyrest ikkje pent ut.