NRK Meny
Normal

Ny gullpris til Telemarkslogoen

Snøhetta Design har fått gullprisen for den nye omstridde logoen som skal profilere Telemark som turistdestinasjon.

Telemarkdesign går gullpris

Telemarklogoen har fått gullpris for sitt interaktive design.

Foto: Visit Telemark

Gullprisen blei delt ut i Nordens største grafiske konkurranse Visuelt i konkurranse med mange hundre bidrag.

Dette er den andre prisen Telemarkslogoen mottar.

Les også:

Snøhetta Design valde å bidra i den anerkjente konkurransen Visuelt med Telemarks nye profilmanual og tok fredag kveld imot gullprisen i kategorien interaktiv design.

Visuelt er Nordens største konkurranse for grafisk designere, illustratørar, animatørar, teikneserieskaparar og interaktiv designere.

Konkurransen mottar kvart år mange hundre bidrag innan ulike kategoriser, og ein reint designfagleg jury vurderer alle arbeid ut frå profesjonelle kriterium.

Solid fagleg arbeid

Juryen meiner at Telemarks nye profilmanual på ein inspirerande måte gjer den nye profilen til Telemark svært godt tilgjengeleg for alle som ønskjer å bruke denne, med blant anna nedlastbare fonter og kopling til online bildedatabase.

Irene Siljan Vestby

Irene Siljan Vestby, Visit Telemark.

Foto: Solfrid Leirgul Øverbø / NRK

Dagleg leiar i Visit Telemark, Irene Siljan Vestby meiner Snøhetta har levert eit svært solid fagarbeid til Telemark, som vi skal bruke som verktøy for å auke kjennskap til og kunnskap om alt det positive vi har å by på i fylket vårt.

– Eg trur også at anerkjenning utanfrå bidrar til at fleire frå ulike næringar i Telemark kan sjå verdien for si verksemd ved å bruke Telemarks nye merkevarekonsept, seier Siljan Vestby.

Martin Gran, dagleg leiar for Snøhetta design, seier at Visuelt konkurransen er stor og viktig for alle som jobbar med visuell kommunikasjon og merkevarer.

– Så det er veldig hyggeleg at arbeidet for Telemark for så positiv omtale og får gull i Interaktiv Design, seier Gran.

  • Glatte veger

    I Agderfylkene og Telemark er det nå stedvis glatt på vegene som følge av underkjølt regn, ifølge Statens vegvesen. Spesielt i indre strøk og de mindre vegene er det vanskelige kjøreforhold. Mannskaper er ute og salter og strør.