NRK Meny
Normal

Telemarksartistar når 100 000

Musikkvideoane som er laga på Telemarksscena er sett av 100 000 menneskje på Youtube. Artistane står i kø for å få vera med.

Telemarkscenen

Telemarksscenen er sett av 100 000 på Youtube, nær 150 ulike musikkvideoar er lagt ut.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Dette kan bli ein suveren suksess. Telemarksscenen gjer at artistane får visa seg fram i eige fylke, for heile landet, og for resten av verda, seier direktøren for distriktskontora i NRK Grethe Gynnild-Johnsen.

Grethe Gynnild-Johnsen

Grethe Gynnild-Johnsen er direktør for distriktskontora i NRK. Ho synest Telemarksscena er fantastisk.

Foto: NRK

Ligg i oppdraget til NRK

Distriktskontora til NRK vart grunnlagt for at heile landet skulle koma på lufta. Ein av dei viktigaste oppgåvene var å spegle lokal kultur.

– Det ligg i oppdraget vårt å lyfte fram lokal kultur og lokale artistar, seier direktøren. Ho fortel at fleire distriktskontor no har lyst til å etablere ein liknande scene som Telemarksscena i sine område.

Nye sendeflater, meir lokalt innhald

Telemarksscenen starta etter ein idedugnad i samband med utviding av sendeflater. Ein av medarbeidarane, Nils Martin Brandvik, stilte spørsmålet:

No når me har såpass mykje sendetid på radioen, burde me ikkje hatt meir lokalmusikk? Slik musikk som ikkje nødvendigvis ligg på spelelistene til P1?

Ideen fekk stor tilslutning. Utvida sendetider gav rom for på nytt å gje musikk og kulturliv ein brei plass.

Telemarksscenen starta som un-plugged speling i kantina på Borgeåsen, lokale musikarar rigga seg til mellom stolar og bord og spela i veg. Rått og uhemma rett på lufta. Medarbeidarane snirkle seg forbi og over gitarar, bassar og mikrofonstativ for å koma på kjøkkenet og hente kaffi eller ei brødskive.

Kanskje me kan bruke det gamle store musikkstudioet vårt?

Nils Martin Brandvik med fortent kake

Nils Martin Brandvik med fortent kake

Foto: Anne Lognvik / NRK

Det betimlege spørsmålet blei stilt, og det gamle musikkstudioet på Borgeåsen, vart rydda og klargjort for musikk. Eit skikkeleg heilproft musikkstudio av god NRK-klasse.

Sidan har det balla alvorleg på seg. Musikkinnslaga blei filma etter kvart, og laga små videoar av. Derifrå var ikkje vegen så lang til Youtube.

– Justin Bieber gjorde det, han blei kjent via Youtube

Seier Jon Solberg som er låtskrivar og songar i gruppa Ni Liv. Sist veke hadde dei sleppkonsert for sin nye CD, og det valde dei å gjere på Telemarksscena.

Ni Liv

Gruppa Ni Liv sleppte den nye cd-en sin på Telemarksscena

– Det er hardt å vera musikar, og me er glad for å bli marknadsført i radioen og på Youtube legg han til.

Solberg meiner det er viktig både for etablerte og nye artistar å få vise seg fram, det får dei gjennom Telemarksscena. Telemarkscenen - YouTube

Det er lov å skryte

Summert opp har altså 100 000 vore inne på Telemarksscena på Youtube sidan kanalen blei oppretta i mai i fjor. Totalt har det blitt avspegla 178.891 minutt (124 dagar og fem timer)

Telemarksscenen er mest populær blant menn (62%). Etter Noreg er scena også populær i Tyskland, USA, Sverige og Italia
Den mest populære videoen er Byting med «Mann av glas». Den har folk klikka seg inn på 17187. Godt mørna ungdommar på mellom 45–54 år er dei mest trufaste, men Telemarksscena treffer totalt sett også godt i aldersgruppa 35–64 år.

I starten kontakta NRK lokalt musikkliv og informerte om at Telemarksscena var open, og klar til å ta imot.

No står det lang kø av musikkarar som ynskjer å sleppe til. Men det blir ikkje fullt, me tek imot alle som kjem avsluttar idemakaren og produsenten Brandvik.

Thomas Nikolai Blekeli, Nils Martin Brandvik, Lars Tore Endresen

Thomas Nikolai Blekeli, Nils Martin Brandvik, Lars Tore Endresen er den entusiastiske gjengen bak Telemarksscena

Foto: Anne Lognvik / NRK
  • Nekter for å ha fjernet kumlokk

    Politiet har løslatt mannen som er sikta for å ha fjerna flere titalls kumlokk i Skien. Han nekter straffskyld for dette. 30-åringen har tidligere vært anmeldt fol trusler mot ansatte i Nav og hos Fylkesmannen blant annet. Politiadvokat Per Steinar Bungum sier til Varden at mannen ikke er farlig.

    Innsatsleder Sibjørn Hansen ser ned i hullet i gata
    Foto: Robert Hansen / Nrk