Hopp til innhold

Debuterer med klump i magen

RJUKAN (NRK): For første gang deltar ein telemarking i verdscupen i telemarkskøyring. Amund Møster Haugen (18) får debutere i favorittbakken sin.

Amund Møster Haugen

Amund Møster Haugen skal debutere i verdscupen som første telemarking i bakken han stod på ski som liten.

Foto: Tom Ole Buaas / NRK

Amund Møster Haugen frå Tessungdalen er første telemarking som får delta i verdscupen i telemarkskøyring. I dag debuterer han i favorittbakken på Gaustablikk.

Og dagen før testa han bakken der han skal debutere i verdscupen. Ein bakke han kjenner betre enn nokon andre.

– Det er ein veldig fin bakke, veldig leiken.

18 år gamle Amund har køyrt på ski i bakken sidan han var bitte liten gut. Og han minnest korleis det var å stå på toppen den første gongen.

– Eg hugsar det var som om eg skulle stå på toppen av Mount Everest, og skulle køyre ut. Det er bratt, seier Møster Haugen.

Created by InfoDispatcher

Her kan du følgje Amund Møster Haugen ned bakken på Gaustablikk.

Kan ikkje rekne med å vinne

Men i dag synest han det er ein veldig artig og kort bakke, der ein kan få mykje moro for kvar meter nedover. Men framleis er det spennande, særleg når han skal køyre bakken med portar, slik det skjer i konkurransen.

– Det er såpass bratte kular, og er du ikkje observant på det kan du hoppe langt. Ufriviljug.

No ser han fram til debuten i verdscupen i bakken lærte å køyre telemarkskøyring.

– Eg har ein liten klump i magen. Det er ikkje andre som legg press på meg. Men eg er flink til å legge press på meg sjølv. Det er første reine verdscuprennet for meg, og eg kan ikkje rekne med å vinne første gongen eg er med. Det krev mykje erfaring og mykje trening mentalt. Så eg prøvar å ikkje tenke så mykje på plasseringa, men heller på skikøyringa, seier Møster Haugen.

Les også: – Gleder oss til en tidlig sesongstart

Vil ha fleire med seg

Amund er den første telemarkingen som køyrer verdscup i telemarkskøyring. Ein sport han skulle ønske at fleire drev med.

– Det er merkeleg at det ikkje er fleire frå fylket som drive med telemarkskøyring. For det er ein ekstremt artig skiøving som du kan bruke til alt mogleg.

Han fortel at dei store klubbane ligg i Ullensaker og i Møre og Romsdal, og slike stader.

– Men det er jo ikkje der sporten kjem frå, så det er litt spesielt.

Les også: Mediedekning til 200 millioner