NRK Meny
Normal

Telemarkingar toppar iTunes-lister

Debutplata til Midt-Telemarksbandet The Lone Pine toppar iTunes sine salslister.

Bjørn Thore Andreassen, The Lone Pine

Bassist Bjørn Thore Andreassen i The Lone Pine på Kartfestivalen 2013.

Foto: Privat

Fredag i førre veke slapp bandet The Lone Pine frå Midt-Telemark plata si «Through the Waiting » på iTunes. Nå har den gått rett til toppen på iTunes sine salslister.

– Eg er veldig overraska og veldig glad, seier bassist Bjørn Thore Andreassen.

Skjermdump iTunes

Skjermdump frå iTunes onsdag 30. april 2014.

Foto: NRK

Akkurat no er The Lone Pine blant dei mest selde rockebanda på iThunes sine salslister.

Gjere ting rett

Bjørn Thore Andreassen seier bandet har halde på med bandprosjektet ei god stund.

– Vi har prøvd å gjere ting rett og bygge opp bandet, slik at det skal bli store forventningar når plata kom, seier Andreassen.

No er han og bandet strålande nøgde med mottakinga så langt.

Plata blei veldig populær på iTunes heilt frå starten. Bandet er meir populær å laste ned enn kjende store artistar som Sivert Høyem, Jarle Bernoft, Bruce Springsteen og Beatles, ifølgje salsbarometeret på iTunes.

Er på turne

Så i augneblinken sel The Lone Pine betre enn mange etablerte artistar på i Tunes. Bjørn Thore Andreassen meiner dette betyr mykje for bandet.

– Dette er ei kjempe vitamininnsprøyting. Ikkje minst tilbakemeldingane vi får av dei som har kjøpt plata. Vi har håpa og trudd at andre også vil kome til å like den musikken, så dette gir oss mange moglegheiter, seier Andreassen.

The Lone Pine er ute på turne no, og spela i Oslo og Bergen sist helg. Andreassen fortel at dei spela for fulle hus i Oslo.

– Også i Bergen var det stappfullt hus, seier Andreassen.

No er bandet ute på turne og føler at dei kan leve rock 'n' roll-livet og kose seg. Onsdag kveld spela bandet i Drangedal.

The Lone Pine

The Lone Pine frå Midt-Telemark. Frå venstre er Magnus Fosli Lillefjære, Mats Bjønnes, Bjørn Thore Andreassen, Even Skårberg Aarnes og Martin Solvoll.

Foto: Privat