Hopp til innhold

Telemark KrF snur og tar ikkje vegval bak lukka dører

Fylkesstyret i Telemark KrF snur og vil likevel opne årsmøte for media etter å ha drøfta saka tysdag ettermiddag. Fylkesstyret hadde opphavleg ei innstilling om å lukke møtet for media.

Erik Næs

Telemark KrF vurderer å lukke det ekstraordinære fylkesårsmøtet på Bø Hotel onsdag. Fylkesleiar Erik Næs håper det blir ein avklaring tysdag.

Foto: Hilde Martine Lindgren / NRK

Siste: Telemark KrF sender tre raude og tre blå delegatar til partiet sitt landsmøte på Gardermoen den 2. november. To av delegatane kjem først til å stemme for at partiet blir i opposisjon.

Les her: Telemark KrF sender tre raude og tre blå til landsmøte

Onsdag kveld er det ekstraordinært fylkesårsmøte på Bø hotell der det skal veljast seks delegatar til det ekstraordinære landsmøte 2. november.

Fylkesleiar Erik Næs seier i ein SMS til NRK at på grunnlag av dei positive erfaringane i andre fylkesårsmøte og ønskje om ein open prosess, vil fylkesstyret i Telemark KrF innstille på at fylkesårsmøte bli gjennomført med presse til stades.

– Vi innstiller også på at det blir mogleg for å strøyme frå årsmøtet. Men det vil vere fylkesårsmøtet som tar den endelege avgjerda, seier Næs.

Tone Helene Strat

Fylkessekretær Tone Helene Strat i Telemark KrF seier det kjem mange uerfarne delegatar til årsmøte.

Foto: Leif Dalen / NRK

Mange uerfarne delegatar

Ifølge fylkessekretær Tone Helene Strat låg det an til at fylkesstyret ville innstille på lukka dører, men så fann dei ut at dei ville ta ein ny runde på spørsmålet.

– Det er uansett fylkesårsmøtet som avgjer om det blir lukka eller opne dører.

Strat seier til NTB at grunngjevinga for å lukke er at det er mange uerfarne blant dei 77 delegatane på fylkesårsmøtet.

– Og vi ønsker ikkje at nokon lar vere å ta ordet berre fordi dei kan oppleve at det er litt skummelt med presse til stades på møtet, seier Strat til NTB.

Vel delegatar

Fylkesleiar Næs kjem til å stemme for partileiar Knut Arild Hareide sitt forslag om å innleie regjeringsforhandlingar med Arbeidarpartiet og Senterpartiet under det ekstraordinære landsmøtet på Gardermoen 2. november.

Telemark skal i tillegg velje fem delegatar onsdag.