Hopp til innhold

Røe Isaksen: – Telemark kan få universitet

Telemark vil få eit universitet om få år dersom høgskolen slår seg saman med Høgskolen for Buskerud og Vestfold, lovar Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Torbjørn Røe Isaksen

Høgskolen i Telemark vil fusjonere med Høgskolen i Buskerud og Vestfold om dei skal få universitetsstatus, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

I dag la kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen fram ein strukturreform for høgare utdanning.

Det har vore varsla omfattande endringar i høgskolesektoren, og det har vore spenning knytt til korleis denne reforma vil slå ut for ein fusjon mellom høgskolen i Buskerud og Vestfold, og Høgskolen i Telemark.

Les også: 14 universiteter og høyskoler blir til fem

Kostbart med godkjenningsprosess

Pål Augestad, Høgskolen i Telemark

Viserektor Pål Augestad er positiv.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Viserektor Pål Augestad ved Høgskulen i Telemark seier at den nye organiseringa av høgskolar og universitet er positiv.

Han tolkar dagens stortingsmelding slik at ein fusjon mellom høgskolane i Telemark, Vestfold og Buskerud, vil gi dei universitetsstatus.

– Vi fekk ei opning for at det kan bli fleire universitet i Noreg. Men dessverre står det at vi må gjennom ein akkrediteringsprosess. Det er kostbart og skaper intern uro, og saka må tilbake til styret for Høgskolen i Telemark og styret for Høgskolen i Buskerud og Vestfold. Og det hadde eg håpa at vi slapp, seier Augestad.

Les også: Krever svar om universitetsstatus før fusjon

Hadde håpa på avklaring

Styra i Høgskolen i Telemark og Høgskolen i Buskerud og Vestfold har tidlegare sagt at universitetsstatus er ein føresetnad for ein fusjon.

– Eg hadde håpa på ei avklaring i meldinga, seier Augestad.

Torbjørn Røe Isaken

Kunnskapsministeren Torbjørn Røe Isaksen seier universitetsstatus er innan rekkevidd.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB Scanpix

Eit samanslått universitet vil bli blant dei største i landet med ein omsetning på 1,2 milliardar kroner, 1500 tilsette og 17.000 studentar. I tillegg er det sju doktorgrader og 120 stipendiatar.

– Her skulle det vere lett å kunne legitimere ei direkte kredittering som universitet, seie Augestad.

Lovar universitet om få år

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen seier at alle som vil bli universitet må fylle dei kvalitetskrava som må til. Han meiner det er veldig gode sjansar for at Høgskolen i Telemark og Høgskolen i Buskerud og Vestfold kan få universitetsstatus om dei slår seg saman.

– Det vil bli ein sterk profesjonshøgskole som blir eit sterkt profesjonsuniversitet som vil ha tyngde til å løfte lærarutdanning, sjukepleiarutdanning og velferdsutdanningane. Og levere arbeidskraft og forsking til ein viktig industriregion i både Kongsberg, Grenland og Vestfold, seier Røe Isaksen.

Han meiner ein universitetsstatus er innan rekkevidd.

– Om ikkje så mange år. så kjem Telemark til å ha eit universitet saman med Buskerud og Vestfold, seier Røe Isaksen.

Les også: Høyskolene i Buskerud og Vestfold slår seg sammen