Hopp til innhold

Torbjørn Røe Isaksen i partiutspørjing

Det raude fylket Telemark kan bli blått. Torbjørn Røe Isaksen stilte til utspørjing hos NRK Telemark.

Torbjørn Røe Isaksen i partiutspørjing.

Sjå utspørjinga av Torbjørn Røe Isaksen her.

Telemark er ikkje noko typisk høgrefylke, likevel har partiet stort sett alltid vore representert på Stortinget frå Telemark. Det heldt hardt for åtte år sia då Kari Lise Holmberg blei vald inn på utjamningsmandat.

Nå ser det ut til at vi er inne i den andre høgrebølgja i etterkrigstida. Høgre kan igjen få to stortingsrepresentantar på Telemarksbenken. Sist skjedde det i 1981 og 1985. Faktisk viser enkelte meiningsmålingar at Høgre nå er nesten jamstore med Arbeiderpartiet, også her i det såkalla raude fylket.

Les også:

Har lova regjeringsskifte

Med Høgre i spissen har dei fire ikkje sosialistiske partia lova regjeringsskifte dersom veljarane vil. Meiningsmålingane har lenge vist at Høgre er landets største parti, og at dei fire borgarlege har fleirtal. Det kan også for første gong på langt meir enn manns minne bli borgarleg fleirtal på telemarksbenken, med sterke høgreinnslag.

Les også:

Kan han bli statsråd?

Så skal velgerane avgjere dette den 9. september. Torbjørn Røe Isaksen er toppkandidaten i Telemark. Han har nå bak seg fire år på Stortinget og før det var han leiar i Unge Høgre.

Han har ein sentral posisjon i toppleiinga i partiet, og har denne perioden vore partiets talsperson i arbeidsliv- og sosialpolitikk.

Han er ein av høgres fremste debattantar og av dei mest profilerte i Erna Solbergs krets. Det er forventa at han får ein sentral plass i maktapparatet, kanskje ein statsrådstaburett, dersom det blir ei Solberg-regjering etter 9. september.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark