Hopp til innhold

Telemark Frp uenige om OL-søknad

Landsmøtet i Frp sa nei til OL i Oslo i 2022. Telemark Frp var delt på midten i OL-avstemminga.

Sotsji OL-ild

Ol-elden i Sotsji 2014. Sotsji-OL skal ha kosta 300 milliardar kroner, og er den dyraste meisterskapen til no.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Landsmøtet i Frp går mot å stille statsgaranti for eit vinter-OL i Oslo i 2022. Det blei eit klart nei på landsmøtet, berre 72 delegatar stemte for OL.

Les også: - Dette vil vi ikke bruke penger på

Avstemmingsresultatet var ikkje like klart i Telemark Frp sin delegasjon på landsmøtet. Av dei som deltok i avstemminga var tre delegatar for OL, og tre delegatar mot.

Hoksrud vil vite meir

Bård Hoksrud

Bård Hoksrud frå Bamble trur Noreg kan arrangere billigare vinter-OL.

Foto: Trond Vestre / NRK

Statssekretær i Samferdsledepartementet, Bård Hoksrud, stemte for OL. Han meiner det er mogleg å vise toppane i IOC at det går an å arrangere eit billigare OL i Norge og ville vite meir om grunnlaget for å søke.

– Eg ønskjer å få greidd ut dette nærare. Både fordi eg trur det er mogleg å arrangere vinter-OL på ein fantastisk måte utan å bruke dei enorme summane som vi ser andre land har gjort.

Hoksrud viser til at nordmenn er veldig stolte når vi ser våre skiløparar tar OL-medaljar.

– Så difor bør Noreg av og til arrangere eit vinter-OL. Men eg har veldig stor forståing for dei som synest dette er ein pengegalopp og kostar enormt mykje pengar. Og at det kan gå ut over andre idrettsaktivitetar og breiddeidretten.

Les også: Kan bli dyrt å bruke gamle OL-anlegg

Norheim er ikkje i tvil

Kristian Norheim

Kristian Norheim frå Skien trur ikkje på kalkylane for OL-søknaden.

Foto: Sjur Ø. Knudsen

Stortingsrepresentant Kristian Norheim stemte nei til vinter-OL og er veldig glad for at eit av regjeringspartia sende eit så tydleg signal til IOC.

– Det var ikkje tvil i mi sjel om at dette var noko Noreg må seie nei til, seier Norheim.

Han meiner det er på tide å snøre igjen pengesekken, fordi vinter-OL har utvikla seg til eit gigantisk pengesluk.

– OL er ein dårleg måte å bygge infrastruktur på. Då er det mykje betre å bruke pengane direkte til det.

Norheim trur ikkje på dei tala og kalkylane som blir lagt fram, og seier at det alltid har blitt overskridingar. Og synest IOC er bygd opp på ein udemokratisk måte.

– Eg synest andre land kan få arrangere vinter-OL, som til dømes Sverige.

Les også: Seks av ti sier nei til OL i Oslo

IOC avgjer neste år

Seks byar som har meldt seg på i kampen om å arrangere vinter-OL i 2022. Det er Almaty (Kasakhstan), Beijing (Kina), Krakow (Polen), Lviv (Ukraina), Oslo og Stockholm (Sverige).

I juli 2014 skal IOK-styret velje kva for byar som går vidare i prosessen. Det endelege valet av arrangørby skjer 31. juli 2015.

Les også: Sotsjis OL-bakrus