NRK Meny
Normal

Skal telje turistar på Hardangervidda

For første gang er det sett ut teljeapparat for å registrere fotturistar i Hardangervidda nasjonalpark.

Vegard Gundersen i NINA med teljepunkt på Hardangervidda

HARDANGERVIDDA: Vegard Gundersen i NINA peikar på eit av teljepunkta på Hardangervidda som blei tatt ned i oktober i år.

Foto: NINA

I år er det gjennomført eit forprosjekt, men meininga er å sette i gang eit treårig prosjekt for å finne gode løysingar for villrein og folk som bruker vidda.

Vegard Gundersen i Norsk Institutt for Natuforskning, NINA, seier at årets teljing viser at det går mest folk i innfallsportane til vidda.

Dei stiane som er mest brukt er dei som går nede i dalane og er merka av turistforeininga.

Stein Byrkjeland ved miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland seier at alle nasjonalparkar er pålagt å lage ein besøkstrategi.

– Vi merkar presset på verneområda, samstundes skal vi legge til rette for bruk. Og då må vi vite meir, seier Byrkjeland.

Har sett opp teljepunkt

Vegard Gundersen, NINA
Foto: NINA

I sommar var det sett ut 23 teljepunkt som har talt kor mange som har gått forbi i juli, august og september. Flest fotturistar er det registrert ved Tinnhølen bru i Eidfjord med over 16.000 i perioden.

– I første omgang var det meininga å få ein oversikt over bruken av sentrale delar av Hardangervidda, og kor mykje det kan sjåast i samanheng med villreinen sin bruk.

Det er eit politisk mål å legge til rette for at folk skal bruke av Hardangervidda nasjonalpark, men også ta omsyn til villreinen.

– Fotturistar og alle som brukar fjellet er jegerar for villreinen, og den er grunnleggande redd for folk, seier Gundersen.

Viktig med faktakunnskap

Johan Vaa
Foto: Privat

Johan Vaa i Hardangervidda grunneigarsamskipnad er seier teljinga fortel at det er ein del trafikk på Hardangervidda.

– Det er ein debatt om kor stor velsigning eller plage turistane på vidda er for miljøet og for villreinen spesielt. Og då er det greitt å få konkrete tal på bordet, seier Vaa.

Det er Villreinutvalet for Hardangervidda som har tatt initiativet til prosjektet.

– Det er viktig å få tal som viser korleis ferdselen påverkar villrein sin bruk av vidda, seier Svein Erik Lund, sekretær for Hardangervidda villreinutval.

Har lite kunnskap om bruk

Vegard Gundersen i NINA seier forskarane har lite kunnskap om i kor stor grad fotturismen på sommarstid er til hinder for at villreinen brukar dei rike sommarbeita på den vestlege delen av Hardangervidda.

– Det veit vi ikkje for Hardangervidda. Vi har hatt prosjekt i store delar av villreinområda i Sør-Noreg, men vi veit ikkje korleis det er på Hardangervidda.

Neste sommar er planen å sette opp dobbelt så mange teljepunkt i eit treåring prosjekt, og etablere ei styringsgruppe med blant anna Den Norske Turistforening og villreinfolk.

Målet er å få kunnskap om kor mange det er og kven det er som brukar området.

– Det er først då ein kan legge til rette for god bruk av Hardangervidda, seier Gundersen.

  • Veldig glatt

    Politiet har fått meldinger om at det skal være svært glatt på flere sideveier. Flere melder om mindre trafikkuhell og om kjøretøy som står fast.

    Glatte veier
    Foto: Anne Cathrine Syversen / NRK
  • Kjørt til sjekk etter ulykke

    To kvinner i slutten av tenåra har blir kjørt til sykehuset for en sjekk etter en ulykke ved Voldskrysset i Skien, melder politiet. Personbilen kjørte av vegen og inn i en lyktestolpe.

  • Advarer mot tilbud

    Ikke alle Black Friday-tilbudene denne uka er så gode som de ser ut til å være. Nå advarer Forbrukerrådet folk mot å bli lurt. – Sjekk på nettet for å finne riktig førpris før du slår til, sier Pia Cecilie Høst i Forbrukerrådet.