NRK Meny
Normal

Tek tak mot parkeringskaos

Det har i lang tid vore vanskeleg å parkere i områda rundt Gaustatoppen når turistsesongen tek til. No har kommunen sett i verk ein tiltaksplan for å betre situasjonen.

Parkeringskaos Stavsro

KAOS: Det har ved fleire anledningar vore trøbbel med parkeringa på Gaustatoppen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Før me får på plass den nye parkeringsplassen så set me no inn nokre tiltak slik at me er klare til det store innrykket av turistar som kjem i haust, seier ordførar i Tinn, Bjørn Sverre Birkeland.

Tiltaka går ut på å få tydleg skilting i dei ulike områda for å syte for minst mogleg trafikkaos. Det kjem no også til å gå skyttelbuss i helgene frå Bygget til Stavsro slik at folk ikkje treng å ta bilen når dei skal opp på fjellet.

Med fleire avgangar på skyttelbussen treng ikkje folk ta bilen heilt opp til Stavsro, men kan parkere på ein av dei andre parkeringane i området kor det er masse plass, seier Birkeland.

Bjørn Sverre Birkeland

TEK TAK: Ordførar i Tinn kommune, Bjørn Sverre Birkeland informerer om at det no blir sett inn ekstra tiltak for å få bukt med parkeringskaoset.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Viktig at folk brukar dei nye løysingane

Audun Darrud i Tuddal næringslag er nøgd med desse nye tiltaka, og seier dei er eit skritt i riktig retning.

Audun Darrud

Nøgd: Audun Darrud i Tuddal næringslag tykkjer tiltaka er eit skritt i riktig retning.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Tida vil jo vise om desse tiltaka er gode nok til ha nokon effekt, seier Darrud.

Han legg til at det no er viktig at folk tek i bruk og følgjer desse nye tiltaka, slik at ein får minst mogleg trafikkproblem på Gaustatoppen fram mot ferdigstillinga av den nye parkeringsplassen.

Ikkje godt nok førebudd

I ei pressemelding kjem det fram at kommunen trudde dei var godt nok førebudd for turistsesongen 2016. Men no på tampen av sommaren innser dei at enda meir må gjerast, og det er difor desse tiltaka vert sett i verk.

Det er sett i gang ei rekke tiltak med mål om å forbetre opplevinga til kundane våre. Erfaringane frå i sommar syner at me må forsterke og justere tiltak for å vere førebudd på hausten som normalt har enda høgare besøkstal enn sommaren, står det i pressemeldinga.

Gaustatoppen

POPULÆR: Turistane fossar til Gaustatoppen om sommaren og hausten.

Foto: Anne Lognvik / NRK

  • Etterlyser bil etter innbrudd

    Politiet ønsker tips om en Toyota Hiace som ble observert ved en adresse i Grobstokk i Bamble i formiddag. En safe skal være stjålet. Ring til 02800 dersom du kan ha informasjon om denne saken.

  • E134 over Haukelifjell er open

    E134 på strekninga mellom Vågslidtunnelen og Liamyrane på Haukelifjell er open for trafikk etter uvêr.

  • Innbrot i hytte i Tinn

    Det har vore innbrot og tjuveri i ei hytte i Blefjell hyttegrend i Tinn. Det er stole diverse verktøy. Innbrotet har skjedd i løpet av den siste veka, ifølgje politiet.

  • Flere flytter til Bø

    Bø er den kommunen i Telemark som har størst befolkningsvekst. Det viser tall fra Statistisk sentralbyrå for tredje kvartal. Bø har en befolkningsvekst på nesten fire prosent, dette er langt over landsgjennomsnittet.