Hopp til innhold

Tek grep for å redde gaupa

Etter fleire år med høge kvotar for felling av gaupe, er no bestanden så låg at gaupa blir rekna som ein sterkt trua art. Rovviltnemnda senkar difor fellingskvoten for å auke bestanden.

gaupe

VIL AUKE BESTANDEN: Rovviltnemnda senkar fellingskvoten slik at talet på gauper skal auke.

Foto: Wikimedia commons

– I regionen vår er me plikta til å halde det årlege kullet med nyfødde gaupeungar på 12 dyr. Me ser at talet no ligg på omkring 9 ynglingar. Det er difor me vel å senke fellingskvoten, seier Jørund A. Ruud.

Jørund A. Ruud

IKKJE BEKYMRA: Leiar i den regionale rovviltnemnda, trur gaupebestanden vil ta seg fort opp igjen.

Foto: Even Skårberg Aarnes / NRK

Ruud er leiar i den regionale rovviltnemnda for Buskerud, Telemark, Vestfold og Aust-Agder. Når gaupejakta tek til i desse områda den 1. februar neste år, vil det berre vere lov til å felle åtte dyr. Tidlegare har det vore lov til å skyte opp mot 35 gauper kvart år.

– Me ventar jo nokre protestar på dette tiltaket, men det er jo vanleg at folk er ueinige med oss, seier Ruud.

Gaupa på raudlista

Det har vore ein dramatisk nedgang i talet på gauper i Noreg. Så me er positive til dette tiltaket frå Rovviltnemnda, seier fagleiar for naturmangfald i Naturvernforbundet, Arnodd Håpnes.

Arnodd Håpnes

NØGD: Fagleiar for naturmangfald i Naturvernforbundet, Arnodd Håpnes, tykkjer det nye tiltaket er ei god løysing.

Foto: Jo Straube

I sommar melde NRK at talet på gauper ikkje har vore lågare på tolv år.

Håpnes syner til at gaupa har gått frå å ha status som sårbar, til bli merka som sterkt truga på raudlista, og at det no berre er registrert 52 ynglingar i heile Noreg i år.

Les meir om dei ulike kategoriane i den nasjonal raudlista for truga artar i faktaboksen.

Sjølv om tala peiker nedoverer ikkje Jørund A. Ruud nervøs for gaupebestanden i sin del av landet.

– Me har jo hatt ein stor bestand i denne delen av landet før, og difor har me hatt ei høg kvote. Når me no senkar kvoten igjen så reknar eg med at talet på gauper vil stige igjen ganske fort, seier Ruud.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark