Hopp til innhold

Tar oppgjer med Frp-veljarar

Stortingsrepresentant frå Frp, Kristian Norheim tar i dag eit oppgjer med eigne veljarar.

Kristian Norheim (Frp)

Kristian Norheim meiner nokon Frp-veljarar bør sette seg betre inn i kva partiet står for i innvandringsdebatten.

Foto: Fouad Acharki / NRK

Framstegspartiet sin utanrikspolitiske talsperson har fått kjeft frå eigne Facebook-føljarar etter at han tok eit oppgjer med dommedagsprofetiar om innvandring og muslimar på onsdag.

– Enkelte Frp-veljarane bør sette seg betre inn i kva partiet står for i innvandringspolitikken, seier Norheim.

Han meiner somme har eit forvrengt syn på kva partiet står for i innvandringspolitikken.

Forureinar debatten om innvandring

Mazyar Keshvari

Frp sin innvandringspolitiske talsmann, Mazyar Keshvari.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Norheim fortel at reaksjonane kom etter at han gav støtte til Frp sin innvandringspolitiske talsmann, Mazyar Keshvari.

Han trur ikkje det er mange Frp-veljarar det er snakk om.

– Men viss det er nokon som sit med eit inntrykk av at Frp i regjering skulle kaste ut alle innvandrar, stenge grensene, deportere muslimar og forby islam, så har dei eit feil bilete av kva partiet står for, seier Norheim.

Han meiner dei som ytrar slike standpunkt forureinar ein viktig debatt om innvandring.

Les også: