Hopp til innhold

Tåfies er den nye selfies

Dette kan bli den nye trenden på Facebook som ein reaksjon på alle selfiesbileta på nettet.

Tåfis er in

Det var dette bilete som gav Anders Sandvik ideen til den nye trenden på Facebook.

Foto: Anders Sandvik

Det er Anders Sandvik i Vinje som er opphavet til den nye farsotta på Facebook.

Anders Sandvik
Foto: Skjermdump

– Selfies og bading er ut, tåfies er inn, skriv han på Facebook den 1. juni. Og oppmodar venner til å legge ut tåfies i herleg natur innan 24 timar, eller gje ei gåve til kreftforeininga.

– Aldri sett det før

Forsker Thomas Wold ved NTNU

Thomas Wold ved NTNU i Trondheim synest det er ein artig vri med tåfies.

Foto: NTNU

For Anders Sandvik var det i utgangspunktet eit forsøk på å vere litt morosam, og han syntest det var eit artig ordspel med tåfies i staden for selfies.

– Det høyrest ut som ein veldig artig motreaksjon. Eg likar ordspelet, dette har eg ikkje sett før, humrar ein lattermild Thomas Wold.

Wold er stipendiat ved psykologisk institutt ved NTNU i Trondheim og forskar på normer og moral i sosiale medium.

Wold fortel at sjølvportrettet har ei lang historie, like lenge som fotografiet har eksistert og i måleriet før det. Og det blei enno meir av det når kamera blei så lette at det var mogleg å ta bilete med ei hand.

– Etter kvart som vi tar fleire bilete, er det blitt vanleg å sjå verda litt gjennom fotografiet. Det set deg sjølv i sentrum av det som skjer rundt deg. Det er di oppleving, men det kan opplevast som irriterande for nokon, seier Wold.

Men han meiner folk må sjølv ta ansvar for si eigen facebookstraum, og luke bort det som blir irriterande. Wold seier det ikkje er første gongen føter har blitt bruka i selfier, for ei tid tilbake dukka det opp ein trend der folk posta bilete av føtene sine på ei strand eller Prekestolen og andre meir spektakulære stader.

– Men denne var artig og morosam, humrar han.

Har fått mange reaksjonar

Anders Sandvik, Vinje

Anders Sandvik startar ny trend med å ta bilete av føtene.

Foto: Privat

Anders Sandvik seier han la ut bilete som ein reaksjon på at det blir så mange selfiesar der folk framhevar og viser seg sjølv på Facebook.

– Det synest eg blir litt kunstig. Og då er det litt humor i å vise fram ein tåfies i staden. Eg har ikkje tenkt å revolusjonere verda, men kanskje få litt reaksjonar på det.

Anders Sandvik reagerer på bilete folk tar med seg sjølv i alle moglege situasjonar for å vise seg fram.

– Eg synest det blir litt mykje av det. Ofte har dei ikkje noko å vise fram samanlikna med dei som verkeleg opplever dei store fantastiske tinga. Eg ville forsøke å trekke det litt ned på jorda. Føtene er godt planta på jorda.

Men Sandvik opplever det også som litt sårbart, for det er ikkje alle som likar tåfies.

– Nokon seier at dette er det eklaste som finst, dette vil dei ikkje vere med på. Og så er det nokon som synest det er morosamt.

Viser alminnelege ting

Aasmund Nordstoga

Aasmund Nordstoga i fjøset i Vinje med kyrne sine.

Foto: Johs Apold / NRK

Bonde og artist Aasmund Nordstoga er ein av dei som har blitt med på den nye trenden med å fotografere føtene som ein reaksjon og kommentar til alle selfiesportretta på Facebook.

– Eg tykte det var litt morosamt. Det er for å vise kontrasten til alle selfies på nettet. I staden for å ta bilete av seg sjølv på ei fin strand eller med fin utsikt, så ville eg heller vise litt alminnelege ting som husarbeid, seier Aasmund Nordstoga.

Han har teke bilete av foten sin ved sida av klede til barna.

– Så kan folk sjå kor flink eg har vore, seier han med eit smil.

Aasmund Nordstoga har kalla biletet sitt "Tåfies frå klesbrettebenken i Plassen!" Og legg til at dette blir fyrste og siste gong han er med på kjedebrev.

Kan bli internasjonal

Anders Sandvik har sendt oppmoding til venner i Italia, og kanskje kan det bli ein internasjonal trend. Men han møter litt motbør i språket.

– For det blir ikkje like morosamt på engelsk har eg skjønt.

Aasmund Nordstoga

Aasmund Nordstoga la ut dette biletet på Facebook.

Foto: Skjermdump

Nokon har tatt bilde av beina slik dei ser ut etter ein arbeidsdag, med fiskestonga eller med beina i ein bekk.

– Ein tok bilete av beina etter ein arbeidsdag i skogen. Det blir litt forskjellige bilete som viser at slik er vi, seier Sandvik.

Det starta med at Anders Sandvik tok eit bilete av fjellet og huset då han låg i hengekøya.

– Då såg eg at det blei jo ein tåfies, i staden for ein selfies.

Vil støtte kreftforeininga

Anders Sandvik reagerer på bilete av all badinga i sjokkaldt vatn på Facebook. Mange av oppmodingane til å ta bilete synest han er krevjande, og noko kan også vere helsefarleg.

– Det er jo ein form for gammaldagse kjedebrev. Men det engasjerer jo folk, og det betyr at folk er på Facebook og brukar det mykje.

Men han syntest det er bra at det blei samla inn mange millionar til kreftforeininga med badebileta.

– Då kjem det noko godt ut av det.

Marte Øien

Fleire har følgd oppmodinga og har lagt ut bilete på Facebook.

Foto: Skjermdump

Anders Sandvik utfordrar også folk til å gje pengar til kreftforeininga, og synest organisasjonen gjer ein kjempejobb.

– Eg har sjølv nær familie som er blitt ramma, og veit kor viktig den kampen er. Viss det kan bidra litt er det bra. Eg veit at folk både har tatt bilete og sendt gåve til kreftforeininga, og då er det jo verdt det, seier Sandvik.

Sjenert for å vise føter

Forskar Thomas Wold seier at kjedebrev har ein tradisjon frå den gongen det blei sendt brev i posten, og seinare med epost. Dei inneheldt gjerne truslar om at noko skulle skje om mottakaren ikkje gjorde det sendaren bad om.

Dette er jo ein snillare variant som ikkje inneheld truslar, seier Wold.

Men han er usikker på om det kan bli ein trend som breier om seg i sosiale medium.

Vi er veldig sjenert for å vise fram føtene våre. Det høyrest rart ut, for vi er ikkje sjenerte for å vise fram andre kroppsdelar på sosiale medium.

Det kjem stadig nye trendar, og mange av dei går over ganske fort.

Men vi tar så mange bilete nå, og då treng vi etter kvart hjelp til å finne ut kva vi skal ta bilete av. Og då kan det vere greitt å få litt hjelp ved å lage sin versjon av nye trendar på sosiale medium, seier Wold.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark