Kommunehuset i Drangedal.
- Det synest eg er veldig bra, og på høg tid. Det har vore eit problem i mange år med vatn framfor inngangspartiet, særleg haust og vår. Og det har skapt problem når folk skal gå ut og inn av bygget.
Det er ikkje noe fint syn med eit hus på pælar midt i ei synkande myr. Slik beskriv rådmannen kva som kan skje viss ikkje noko blir gjort.
Drangedal aktivitetssenter står støtt på fleire pælar - midt i ei gammal myr. Grunnen rundt har sige fleire titals centimeter sidan arbeidsplassen og samlingsstaden for funksjonshemma sto ferdig i 1997.
Rullestolrampa blei brattare
Det har blant anna ført til at rullestolbrukarane har hatt store problem med å kome inn i huset.
- Di meir bakken sank, di brattare blei rullestolrampa. Og det blei problem med å kome opp og ned med rullestolane, seier avdelingsleiar Karin Vrålstad.
Ei mellombels løysing har vore å heve rullestolrampa 30-40 centimeter ved hjelp av Lecablokker. Det har blitt gjort fleire forsøk på å fylle på masse for å heve grunnen rundt aktivitetssenteret.
Resultatet var at jo meir masse, jo meir sank grunnen.
Nå vil rådmannen kjøre bort myrgrunnen og erstatte den med sprengt stein frå eit nytt byggefelt. I framtida kan brukarane truleg gå på trygg grunn når dei skal inn i Drangedal aktivitetssenter.