NRK Meny
Normal

– Ikkje berre ungdom har IS-sympati

Fleire personar i Telemark har sympatiar med IS. Og det er ikkje berre ungdom, men personar heilt opp mot 50-åra som har blitt radikalisert.

IS-krigere i Raqqa i Syria

IS-krigarar i Raqqa i Syria. Politiet i Telemark jobbar saman med kommunane og trussamfunna for å finne IS-sympatisørar i Telemark.

Foto: Uncredited / Ap

Tommy Østland, frå Telemark politidistrikt, er førebyggjande koordinator mot radikalisering og har jobba med dette prosjektet sidan nyttår.

Grenlandsområdet har tidlegare vore peikt ut som eit rekrutteringsstad for islamistar.

Tommy Østland i Politiet i Telemark

Tommy Østland ved Telemark politidistrikt.

Foto: Solfrid Leirgul Øverbø / NRK

– Eg vil ikkje seie at IS har brei støtte blant grupperingar eller i den muslimske befolkninga her i området i det heile, seier Østland.

Han meiner politiet har eit godt samarbeid med Skien kommune, og kommunane i Telemark.

– Vi jobbar også tett opp mot trussamfunna, og har jamlege møte med alle leiarane i moskeane i Telemark. Dei er like innstilt som oss til å overvinne IS.

Vanskelege å finne sympatisørar

Østland seier at det likevel finst enkeltpersonar som har sympati med IS.

– Vår jobb blir å finne ut kven dette er. Forsøke å avgrense ei utvikling, og påverke rette vegen. Men det er ikkje ei enkel oppgåve, seier Østland.

Han meiner det viktigaste er å sørge for gode oppvekstvilkår i kommunane. Men i nokre spissa tilfelle må politiet og kommunen finne tiltak for å få vedkomande på andre tankar.

Østland seier at PST ikkje reknar det som ei stor utfordring at asylsøkarar skal vere knytte til ekstrem islamisme.

– Men vi skal hugse på at asylsøkarar er ei veldig sårbar gruppe, og vi må jobbe for å hindre næring til radikalisering.

Ikkje berre ungdomsfenomen

Han understrekar at ekstrem islamisme ikkje nødvendigvis er eit ungdomsfenomen.

– Her kan det vere personar godt opp i førtiåra, og den eldste eg har jobba med er nesten 50 år gamal.

Østland meiner at dersom ein, to eller tre personar er knytte opp mot ekstrem islamisme kan det utgjere ein alvorleg fare.

– Det er ikkje alle vi klarar å fange opp. For mitt inntrykk er at radikalisering skjer meir og meir på internett.

Dei døma på radikal islam som politiet i Telemark har hatt med å gjere er personar som dreg seg vekk frå moskemiljøa.

– For der får dei ikkje støtte for sine tankar, men det finn dei lettare på internett, seier Østland.