NRK Meny
Normal

Her kjem den nye kreftavdelinga

Sjukehuset Telemark får ei ny avdeling for kreft- og blodsjukdomar.

Moflata, Sykehuset Telemark

Den nye kreftavdelinga på Moflata opnar i august.

Foto: Sykehuset Telemark

Avdelinga opnar i slutten av august, og gjev dei dårlegaste kreftpasientane og pasientar med alvorlege blodsjukdomar ein betre kvardag, seier avdelingsleiar Anne Augestad Larsen.

Kreftpoliklinikken skal framleis ligge i fyrste etasje på Moflata. Andreetasjen blir sengepost for pasientar med kreft og blodsjukdomar, og for pasientar som treng avansert lindrande behandling.

– Det er eit løft for denne pasientgruppa når sjukehuset får fleire einerom, seier Augestad Larsen.

Stort overbelegg

Anne Augestad Larsen

Nye einerom gjev eit løft for dei mest sjuke, seier avdelingsleiar Anne Augestad Larsen.

Foto: Sykehuset Telemark

Anne Augestad Larsen er glad for avgjersla om å gje dei sjukaste pasientane betre vilkår.

– I dag har vi eit konstant overbelegg på kreftsengene i tredje etasje. Vi veit at talet på kreftpasientar vil auke, og at mange alvorleg sjuke må ligge bak skjermbrett i korridoren.

Fleire senger

Den nye avdelinga vil og avhjelpe plassproblem når Rikshospitalet sender pasientar med blodsjukdomar tilbake til Telemark.

– Ofte er dette pasientar med svakt immunforsvar. Dei bør ligge på einerom, og det ynsket blir det lettare å oppfylle når avdelinga får fleire senger, seier Anne Augestad Larsen.

  • Stopp i Nome utan førarkort

    Ein mann i slutten av 20-åra er stoppa av politiet på Fensvegen i Nome. Det er mistanke om køyring i påverka tilstand, og utan ikkje førarkort. Det er tatt blodprøve.

  • Vogntog slit med å kome opp

    Politiet melder at eit utanlandsk vogntog slit med å kome opp bakkane på riksveg 41 mellom Kviteseid og Vrådal. Kort tid etterpå melder politiet at bilen kom seg opp bakkane.

  • Notodden slo Bærum

    Notodden fotballklubb fekk besøk av Bærum i årets tredje treningskamp. Det enda med 4–1 siger til Notodden. Felipe Ferreira, Martin Brekke og André Bakke skåra måla for NFK.

  • Skadd i alpinbakken på Gautefall

    Ein dansk turist er fløyet til Ullevål sjukehus med luftambulanse etter å ha falt i alpinanlegget på Gautefall. – Eg kan ikkje seie noko om skadeomfanget til mannen, seier vaktleiar Jørn Kristensen i Drangedal Røde Kors til Varden.