Jørund A Ruud
I fylkestinget som startar onsdag, spør Ap sin gruppeleiar Jørund A. Ruud om fylkesordføraren vil støtte ein slik fylkesomfattande dugnad for nyskaping og fleire arbeidsplassar.
Samstundes meiner Ruud at kommunane i Telemark tenkjer for mykje på seg sjølv og ikkje unner nabokommunane nye bedrifter.
- Eg vil seie at det som er godt for Seljord eller Kviteseid er godt for heile Vest-Telemark eller heile fylket. Og det som er godt for Grenland er godt for heile fylket. Og faktisk vil eg seie det så sterkt at det som er godt for Larvik også er godt for Grenlannd, seier Ruud.
Gruppeleiaren i Arbeidarpartiet har bestemt seg for å provosere til politisk debatt om arbeidsløysa under fylkestinget på Gautablikk.
Stansar nyetableringar
Kommunane må slutte å tenke berre på seg sjølv i kampen for nye arbeidsplassar. Dei pengane som finst til næringsutvikling her i fylket, må brukast der dei gir flest arbeidsplassar.
Å halde fram med å sitte på kvar vår tue - er som om å bygge ein ny Berlingmur for å stanse nyetableringar, meiner Jørund A. Ruud.
- Vi må slutte å sjå på forvaltingsgrensene eller fylkesgrensene eller kommunegrensene som eit jarnteppe. Jarnteppa si tid var forbi i Europa for 15 år sidan, no bør det vere forbi i Telemark også, seier Ruud.
Fylkesordførar Andreas Kjær er positiv til å drøfte ein dugnad og eit krafttak mot arbeidsløysa - og at det vil vere hovudinnhaldet i svaret som Ap sin gruppeleiar får her i fylkestinget.
Det er Jørund A. Ruud godt nøgd med.
- Det er store moglegheiter her i fylket. Det har vi ikkje greidd å utnytte, seier Ruud.