NRK Meny
  • Urolege for skuterkøyring

    Politiet er urolege for fyllekøyring på snøskuter. Erfaringane deira er at alvorlege ulykker på snøskuter og alkohol ofte går hand i hand. I tillegg fryktar politiet at folk ikkje melder ifrå ved ulykker, fordi dei er redd for å bli straffa.

  • Vil ha att OL-pengar

    Notodden kommune bevilga 500.000 til prosjektet «OL til Telemark». Nå ynskjer rådmann Svein Aanestad å få att pengane, skriv Telen. OL-prosjektleiar Geir Berge Nordtveit vil jobbe vidare mot eit OL-vedtak i 2019 og ynskjer ikkje å betale att pengar.

  • Innbrot på apotek

    I går kveld braut nokon seg inn i eit apotek på Gråtenmoen i Skien. Ei rute er kunst, men ingenting er stole. Vitne har beskrive eit køyretøy, som politiet undersøker vidare.

  • Hytteslagsmål

    Politiet reiste i går kveld til eit slagsmål i Haukeligrend. Ein person hadde slått seg vrang, mannen var berusa. Gjerningsmannen fekk sjølv nokre skadar, og vart fyrst sjekka av helsepersonell, før han vart han sendt vidare til Sjukehuset Telemark.