NRK Meny
Normal

Suksessfaktoren er å vere tydeleg

Trenar Dag-Eilev Fagermo meiner suksessfaktoren til Odd er å vere tydleg på korleis laget skal spele.

Suksessfaktoren til Odd er ein tydeleg trenar

Dagen etter 4–1 sigeren mot Start slappar Dag-Eilev Fagermo av på sofaen i klubblokala på Falkum.

– Det er ingenting som er betre enn å ligge på sofaen og sjå på fotball. Særleg når vi vinnar, seier Fagermo.

Det har blitt mykje jubel i Odd-garderoben etter kamp denne sesongen. Men så kjem kvardagen.

Hektisk dagen etter kamp

Dag Eilev Fagermo

Det er hektisk dagen etter kamp for Dag-Eilev Fagermo.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

– Det blir hektisk dagen etter kamp. Først er det evaluering av kampen, så blir det ei treningsøkt med laget.

Etter det blir det jobb fram til klokka seks om kvelden, før andrelaget til Odd skal spele kamp i andre divisjon. Og då er det godt å kunne slappe av på sofaen innimellom.

Det betyr at klokka blir ni på kvelden før Dag-Eilev Fagermo kan kome heim til Akkerhaugen, og der blir det gjerne også meir fotball på TV.

Tydeleg i spelestilen

Fagermo meiner Odd er tydelege i spelestilen, og at det er ein viktig grunn til at det har gått så bra denne sesongen.

– Eg trur vi er veldig tydelege både offensivt og defensivt på korleis laget skal sjå ut. Og då er spelarane trygge på det, seier Fagermo.

Han meiner det er ein av grunnane til at Odd også er gode på bortebane også.

– For vi gjer akkurat dei same tinga då, seier Fagermo.

  • Fann sakna kvinne

    Kvinna på 92 år som var meldt sakna i Seljord er komen til rette. Ho er funnen av Røde Korsmannskap ikkje langt frå institusjon. Kvinna var kald, og blir sjekka på legevakt.

  • Kvinne sakna i Seljord

    Politiet etterlyser ei 92 år gamal kvinne, som er sakna frå ein institusjon i Seljord. Kvinna brukar rullator, opplyser politiet.

  • Mindre steinras på E134

    Det har gått eit mindre steinras på E134 mellom Seljord og Brunkeberg, melder politiet. Raset sperrar deler av den eine køyrebana. Vegtrafikksentralen er varsla.

  • Avtale om Krokan turisthytte

    Norsk Industriarbeidermuseum skal overta den gamle turisthytta på Krokan i Tinn for å utvikle eigedomen som eit historisk kulturminne. NIA har underteikna ein intensjonsavtale med Helbergstiftelsen om kjøp av Krokan, som har vore turisthytte sidan 1871.

    Krokan Turisthytte overtas av Norsk Industriarbeidermuseum
    Foto: Rita Engedalen, NIA