NRK Meny
Normal

Nome har suksess med lærlingar

NOME (NRK): I forhold til resten av fylket skil Nome seg ut når det gjeld talet på lærlingar som sluttar.

Carina Støa, John Holte og Joakim Gramstad

Carina Støa og Joakim Gramstad er lærlingar på Nome sjukeheim. Her dei saman med John Holte.

Foto: Tone Lensebakken / NRK

I Telemark var det 25 lærlingar innan helsefag og barn og ungdomsarbeid som slutta i 2014. Berre i Porsgrunn var det 11 lærlingar som slutta. I Nome derimot var det ingen som gav seg.

Carina Støa og Joakim Gramstad er lærlingar ved Nome Sjukeheim. Dei trivst godt med valet dei har tatt.

– No har eg vore her i fem månader, og veit at eg har vald rett, seier Gramstad.

Han starta på bygg og anlegg, men skifta over til helsefag etter eitt år.

Les også: Dobling i antall lærlinger som slutter

Gir klare signal

Personalrådgivar Anne Britt Grivi stolt av suksessen med lærlingordninga i kommunen.

– Vi gir klare signal på kva vi ventar oss når dei blir tatt inn. Kva krav og plikter dei har, og eg trur vi følgjer dei opp på ein god måte. Det er kanskje derfor dei blir verande, seier Grivi.

Ho meiner kommunen får sjølvstendige lærlingar fordi dei blir sett i arbeid, på same måten som det blir gjort i bedrifter.

– Vi sørger for kvalitetssikra opplæring, og får stolte og sjølvstendige helsefagarbeidarar med topp resultat, seier Grivi.

Les også: Jakter lærlinger i Grenland

Får veldig mykje skryt

John Holte fyller 96 år i mars. Han har det godt på sjukeheimen i Lunde, og skryter av lærlingane.

– Det kan ikkje bli betre. Eg beundrar dei som jobbar her

Carina og Joakim er glad i jobben sin på sjukeheimen.

– Dei er så takknemlege, og vi får veldig mykje skryt. Det har veldig mykje å seie og gjer dagane våre så mykje lettare, seier Carina Støa.

Les også: Sp vil ha krav om å ta inn lærlingar

  • Ran i Skien

    En mann ble slått ned på Langbryggene i Skien litt før halv fem i natt. Han fikk et kutt i hodet og er kjørt til sykehus. To menn ranet ham for en sekk og stakk fra stedet i en mørk stasjonsvogn. Politiet jakter nå på ransmennene

  • Brann i hus på Notodden

    Det brenner i et bolighus på Notodden. Fem personer er evakuert fra huset, og tas hånd om av ambulansepersonell og naboer, opplyser operasjonsleder Petter Ebbesberg. Røykdykkere gjennomsøker nå huset. Det skal ikke være fare for spredning.

  • Her kan du se kveldens sending

    Distriksnyheter fra Buskerud, Vestfold og Telemark.
  • Røykutvikling var tørrkokt kjele

    Politi, brann og ambulanse rykket like etter 20.30 ut etter melding om røykutvikling på Gimsøy i Skien. Det viste seg å være røyk fra en tørrkokt kjele. En kvinne som befant seg i leiligheten sjekkes av ambulansepersonell.

    Brann på Gimsøy i Skien
    Foto: Hilde Martine Lindgren / NRK