Hopp til innhold

Suksess for nordens største countryfestival

Mellom 26.000 og 27.000 besøkte Countryfestivalen på Dyrskuplassen i Seljord i år.

Countryfestivalen i Seljord

Det var ekstremt varmt på årets Counrtyfestival på Dyrskuplassen. Då er det godt å ha eit badekar å kjøle seg ned i.

Foto: Marie Roksund / NRK

Det er den 16 i rekka for Nordens største Countryfestival som no er over. På dei mange scenene opptrådde 21 artistar, og festivalen var velsigna med ekstremt godt ver.

– Oppsummert kan vi seie at årets festival har vore ein suksess med eit ekstremvær vi sjelden ser maken til, seier dagleg leiar Egil H. Moen.

Han seier at med over 30 grader på gradestokken blei det nesten for varmt.

– Men publikum har storkosa seg frå første dag, seier Moen.

(Artikkelen held fram under bildegalleriet)

Fornøgd med besøket

Countryfestivalen kunne skilte med eit mangfold av gode og varierte artistar, der Dwight Yoakam var den største stjerna.

Det har vore over 2500 campingeiningar inne på området, og ved endt festival kunne festivalarrangørane telle opp mellom 26.000 og 27.000 besøkande.

– Det er vi svært godt fornøgde med, seier Moen.

Neste år blir Countryfestivalen arrangert i veke 30 på Dyrskuplassen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark