NRK Meny
Normal

Sparte streikemillionar forsvinn i kommunesluket

Kommune-Norge tente 660 millionar kroner på lærarstreiken i haust. Men det er ikkje nødvendigvis godt nytt for dei som tapte mest på streiken, nemleg elevane.

Undervisning i klasserom

Berre ein liten del av pengane kommunar og fylkeskommunar sparte på lærarstreiken kjem elevane til gode. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / NTB scanpix

For det meste vil forsvinne i det store kommunesluket, viser ei undersøking som NTB har gjort.

Berre to av femten kommunar og fylkeskommunar NTB har vore i kontakt med vil bruke alle pengane på elevane og skolane.

Les også:

Fleire kommunar gir opp at dei ikkje legg opp til å føre tilbake noko av dei sparte streikepengane til skulane og elevane, mens rundt halvparten gir opp at dei berre vil bruke delar av beløpet på ekstraundervisning til elevar som blei ramma av streiken.

I Telemark er det spart rundt 17 millionar kroner totalt på lærarstreiken. Ifølgje NTB sparte Skien 4,7 millionar og Telemark fylkeskommune 6,5 millionar kroner.

Vil bruke litt på elevane

Inger Lysa er kommunalsjef for tenester for barn og unge i Porsgrunn som har spart rundt 6 millionar kroner.

I Porsgrunn får politikarane i denne veka ei sak til politisk handsaming.

Inger Lysa.

Kommunalsjef Inger Lysa

Foto: Anette Dotseth Stensholt / NRK

– Her foreslår vi at delar av det sparte beløpet går tilbake til dei skulane som blei hardast råka av lærarstreiken for å kunne sette i verk tiltak for å kompensere litt for det tapet elevane hadde, seier Lysa til NRK.

Rådmannen gjer framlegg å bruke om lag ein million kroner av dei pengane kommunen sparte på streiken til dette.

– Kva slags tiltak det blir, ønskjer vi å drøfte med kvart enkelt av desse skulane, seier Lysa.

Streiken er tapt tid

– Då er det rundt fem millionar kroner igjen. Kva foreslår de at dei pengane skal gå til?

– Kommuneøkonomien i Porsgrunn er ikkje god, og vi er pålagt tøffe krav til innsparingar av bystyret. Så det er ikkje tvil om at delar av beløpet vil gå til å innfri de krava, seier Lysa.

Men pengane vil også bli bruka til å sørge for at skulebudsjettet i Porsgrunn går i balanse i 2014.

– Men vi må hugse på at streiken faktisk er tapt tid. Det kan ingen kompensere fullt ut. Så det er ikkje sikkert at det ville vore ei god løysing å la alle pengane gå tilbake til skulen, seier Lysa.

Brukar alt i skulen

Fylkesopplæringssjef Helge Galdal i Telemark fylkeskommune opplyser at det vil bli foreslått å bruke pengane som blei spart på grunn av streiken på dei tre vidaregåande skulane som blei ramma.

Dei tre vidaregåande skulane det gjeld er Porsgrunn vidaregåande, Skien vidaregåande og Hjalmar Johansen vidaregåande skole.

– Vi vil bruke så mykje som mogleg for at elevane skal få ta igjen den tapte undervisninga, seier Galdal.

Resten vil bli satt av til eit pedagogisk utviklingsfond som alle vidaregåande skulane i fylket kan søke på.

Burde vore brukt i skulen

Benjamin Skiaker Myrstad, påtroppende leder i Elevorganisasjonen

Benjamin Skiaker Myrstad.

Foto: Johan B. Sættem

Leiar i Elevorganisasjonen, Benjamin Skiaker Myrstad, seier han ser dette som ein test på om kommunane faktisk har vilje til å ta det ansvaret dei er gitt, og er svært skuffa over kommunens prioriteringar.

– Dette er pengar som i sin heilskap kunne gitt eit nødvendig løft til for eksempel pedagogisk utviklingsarbeid på kvar enkelt skule eller oppussing av skulebygg, seier Skiaker Myrstad til NTB.

Også KS, kommunanes interesseorganisasjon, skulle gjerne ha sett at kommunane hadde valt å prioritere pengane til skuleformål.

– KS kan ikkje kommentere kva den enkelte kommune vel å gjere, men i den spesielle situasjonen som har vore, og fordi beløpa som er blitt spart er såpass kjent, så hadde det vore lurt av kommunane å disponere beløpet til skuleformål, seier Helge Eide, interessepolitisk direktør i KS til NTB.