Hopp til innhold

Streikefare ved Telemark Kildevann

Telemark Kildevann i Fyresdal er blant bryggeria som blir råka dersom det blir bryggeristreik. Over 1000 bryggeriarbeidarar over heile landet blir tatt ut i streik 1. juni, dersom meklinga med arbeidsgivarane ikkje fører fram. Meklinga mellom Norsk nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbund og NHO Mat og Drikke startar førstkomande måndag. Det blei brot i lønsforhandlingane i midten av april.

Telemark Kildevann
Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK