SE OGSÅ: |
ALT OM: |
I alt 15 tilsette ved Trio bryggeri er tekne ut i streik.
Dagleg leiar ved Trio, Stian Kjellemyr Eilertsen.
Streiken gjeld i alt 2.500 bryggeritilsette. Partane mekla på overtid i natt, utan å kome fram til ei avtale.
Dei tilsette krev høgare løn og strengare reglar for innleige av arbeidskraft.
Vil stoppe opp
- Streiken kan få dramatiske følgjer for bedrifta, seier dagleg leiar Stian Kjellemyr Eilertsen.
Han seier at all produksjon vil stoppe opp, og det blir lite aktivitet igjen på Trio.
Og det er kritisk for det er på denne tida av året salet brukar å ta seg opp.
- Det er for tidleg å seie kva konsekvensane blir, men dersom blir streiken langvarig kan det blir kritisk, seier Kjellemyr Eilertsen.
Redd hamstring
Trio kjem til å kjøre ut ein del varer gjennom NorCargo som vanleg, og i tillegg vil Kjellemyr Eilertsen sjølv kjøre ut varer.
Men dersom det blir hamstring kan lagra bli tømt raskt.
- Eg synest det er trist at det er dei små bryggeria som blir ramma av streiken. Vi har tøff konkurranse, seier Kjellemyr Eilertsen.
Det blir fortsatt kjørt ut øl og mineralvatn frå lageret til Trio på Kjørbekk i Skien.
Han seier at kravet som handlar om innleigd arbeidskraft ikkje gjeld for Trio.
- Dersom dette blir ein langvarig streik kan det sette arbeidsplassane ved Trio i fare, seier Kjellemyr Eilertsen.
Streikar for ei god sak
Klubbleiar Mona Danielsen støttar streiken, men ho ser at det er eit dårleg tidspunkt for Trio å bli ramma av ein streik.
- Vi har jo vore inne i ein kritisk fase det siste året, og det er jo gjerne dei små bedriftene det går utover, seier Danielsen.
Men på lengre sikt er Danielsen redd for at ho og dei andre streikande på Trio kan streike seg til arbeidsløyse.
- Men per i dag streiker vi for ein god sak, og vi støttar steiken fullt ut, seier ho.