Hopp til innhold

Straumbrot i Bamble

Store deler av Vest-Bamble miste straumen i ettermiddag. På det meste var 1.658 kundar utan straum.

Ruhne Nilssen

Skagerak Energi jobbar med å rette feilen, seier informasjonssjef Ruhne Nilssen i Skagerak Energi.

Foto: Petter Melsom / NRK

Klokka 1615 i ettermiddag opplyser informasjonssjef Ruhne Nilssen i Skagerak Energi at dei fleste kundane har fått straumen tilbake.

– Men framleis ere 186 kundar utan straum. Det er vanskeleg i seie når desse får straumen tilbake, seier Nilssen.

Problema råka kundar frå Valle, Sokkekilen, Trosby, Kjønnøya mot Feset.

– Feilen ligg i høgspentlina mellom E18 og Rørholtfjorden, seier Nilsson, som ikkje reknar med at straumutfallet har skapt store problem på ein varm sommardag.

Straumen tilbake

Klokka 1812 sundag ettermiddag fekk dei siste husstandane straumen tilbake. Trefall på ei høgspentline var årsak til straumbrotet.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark