NRK Meny
  • Færre giftar seg

    Færre gifta seg i Telemark i 2017 enn året før, viser tal frå SSB. I fjor vart det inngått 577 ekteskap i fylket, som er ein nedgang på 59 vigslar frå året før. Samtidig auka talet på skilsmisser.

  • Straumbrot i Brevik

    Over tusen kundar er utan straum i Brevik. Årsaka er ein øydelagt kabel. Skagerak nett arbeider for å rette feilen. Dei reknar med at straumen er attende om nokre timar, seier kommunikasjonssjef Thor Bjørn Omnes.

  • Rådmannen lagar smørbrød

    I Nissedal lagar rådmannen sjølv mat når rådmannsutvalet i Vest-Telemark har møte i kommunen. Ein reiselivskommune med 2.400 hytter treng ein vinteropen kafe, seier rådmann Sverre Sæter til Vest-Telemark blad. Roald Nomme i Nissedal næringslag seier at han vil ta saka opp i næringslaget.

    Sverre Sæter
    Foto: privat
  • Urædd mister nøkkelspelar

    Veronica Amundsen forlet Urædd og går til 1. divisjonsrivalen Øvrevoll Hosle, skriv PD. Årsaka til klubbytet er at Amundsen har kome inn på skule i Oslo-området.