Målet er å førebygge etter mange tragiske drukningsulykker blant barn og unge.
– Målsetjinga er at ungar blir trygge i vatnet så tidleg som mogleg, og slik kan vi kanskje sikre oss betre mot drukningsulykker, seier seniorrådgjevar Jan Collier hjå fylkesmannen i Telemark.
Tilbodet om støtte til symjeopplæring går til barnehagar over heile landet.
Ein del av grunnopplæringa
Utanfor fritidsparken i Skien møter me Kjersti Veel Krauss. Ho har akkurat vore inne i hallen og meldt dottera på symjekurs.
– Vi har akkurat bestilt symjeskole for eldstedottera. Ho skal starte neste torsdag, så dersom det blir tilskot er det enda betre, seier Veel Krauss.
Dotter hennar er fem år og går i barnehagen, og Kjersti Veel Krauss er veldig positiv til at barna kan få symjeopplæring i barnehagen.
– Det er viktig å kunne symje når du bur i eit land med masse vatn, og det er ein del av grunnopplæringa for barn, tenkjer eg.
Må bli vane med vatn som barn
I Skien Fritidspark er småbarnsforeldra Iselin og Kristoffer i bassenget med sine to små, Emil Johan og Tiril Elise.
– Vi er her for å bade, og for at ungane skal lære å vere i vatnet, og rett og slett ha det gøy med vatn, seier Iselin.
Tiril Elise er i bassenget for første gongen med foreldra.
– Nå er det på tide å lære ho å vere i vatnet, og det gjekk bra, seier Kristoffer.
Får støtte per barn
Rådgjevar hos Fylkesmannen i Telemark, Jan Collier, seier meininga er å kunne gje eit tilbod om førebuande symjetrening i vatn til barnehagebarn.
– Tilskotet er på opp til 1500 kroner per barn.
Collier fortel at det er gjort erfaringar i Buskerud og Oslo Akershus i fjor, der dei var veldig fornøgde.
– Eg håpar barna kan få så mykje som mogleg ut av desse pengane, seier Collier.
Og fristen for å søkje tilskot er 1. april i år.