SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Firmaet Alseth Brødrene vil etablere eit steinknuseri i Lyngflåt, men dette vil skape så mykje støy at det vil undergrave klostermiljøet, meiner Tinn SV.
Steinar Alexander Miland.
Ordførarkandidat Steinar A. Miland seier dei vil gå imot ei etablering av steinknuseriet - og han utfordrar dei andre politiske partia i Tinn til å kome på banen.
- SV i Tinn vil gå i mot etablering av eit steinknuseri på Lyngflåt, fordi dette vil undergrave klostermiljøet på Hylland. Munkeklosteret og miljøet er viktig å ta vare på, seier Miland.
Treng slike pustehol
Han meiner munkeklosteret representerer ein del av eit verdiforankra mangfold som SV vil ta vare på.
- Her står andelege og materielle verdiar mot kvarandre, og i dette tilfellet ønskjer Tinn SV å slå ring om Robert munk og den unike institusjonen han er blitt, ikkje berre for tinndølar, men for menneske frå heile verda, seier Miland.
I ei tid der materielle og økonomiske verdiar har blitt fullstendig dominerande, er det viktig å ta vare på denne type ikkje-materielle verdiar som klostermiljøet i Tinn representerer.
- Vi treng slike andelege pustehol som klosteroasen i Austbygde betyr for svært mange menneske i vår tid, seier Miland.