NRK Meny
Normal

Kvinnene vil marsjere igjen

Debatten om reservasjonsrett for legar mobiliserer kvinner til markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars. Det seier Liv Kristin Løvoll i Bø Kvinneforum.

HISTORISKEBILDER

Frå 8. mars ein gong på 70-talet.

Foto: Thorberg, Erik / NTB scanpix

I år er det 31. gongen det politisk ubundne kvinneforumet i Bø markerer dagen.

Interessa er større enn den har vore dei siste åra, seier Liv Kristin Løvoll.

Liv Kristin Løvoll

Liv Kristin Løvoll er leiar i Bø Kvinneforum

Foto: Privat

– Saman med stemmerettsjubileet i fjor har ordskiftet om reservasjonsretten auka interessa. Det er særleg yngre kvinner som let seg mobilisere. Reservasjonsretten har gjeve dei ei konkret sak å slåst mot, seier leiaren i Bø Kvinneforum.

I år er interessa for dagen så stor at Bø Kvinneforum vurderer å ta opp att den gamle tradisjonen med tog.

– Avgjersla om tog blir teken tett opp mot 8. mars, seier Løvoll.

Diskuter med Bø Kvinneforum på Facebook.

Kropp og reservasjonsrett


I tillegg til reservasjonsretten vil Bø Kvinneforum bruke dagen til å setje fokus på kvinner og kroppsbilete. Hovudtalar blir tidlegare statssekretær Gry Larsen (Ap), som i vinter markerte seg nettopp i ordskiftet om kvinner og kroppsideal.

Einfrid 30 år etter

I Grenland er 8. mars komiteen sett saman av representantar frå politiske parti, fagforeiningar og solidaritetsorganisasjonar.

Einfrid Halvorsen

For 30 år sidan blei Einfrid Halvorsen (Ap) vald som fyrste kvinnelege ordførar i Skien.

Foto: Bjørnflaten, Thomas / SCANPIX

Hovudtalar på arrangementet i Ibsenhuset blir tidlegare ordførar og statsråd Einfrid Halvorsen (Ap). Ho vil bruke dagen til å dra linene 30 år tilbake i tid, til den gongen ho blei vald som den andre kvinnelege ordføraren i Telemark.

– Det var fleire kritiske mannsrøyster då nominasjonsmøtet i Skien Arbeiderparti sette opp ei liste med to kvinner på topp. Difor var det ekstra viktig å vinne nettopp valet i 1983, seier Halvorsen, som etter valet fekk selskap av Ragnhild Barland (Ap) som varaordførar i Skien.

– I ettertid ser eg at vi bana vegen for andre. Dersom Skien Arbeiderparti hadde tapt valet for 30 år sidan, ville det gått lang tid før kvinner kunne kome i posisjon til å bli ordførar i Skien, seier Einfrid Halvorsen.

– Kva er den største skilnaden på det å vere kvinneleg politikar på 80-talet og i dag, slik du seg det?

– I dag praktiserer dei fleste partia regelen om kvinne og mann på annan kvar plass på listene. Det gjer det lettare å nå fram for kvinner som vil bruke tid i politikken.

Ingen siger varer evig

Men sjølv om Halvorsen meiner kvinnene har vunne viktige sigrar, meiner ho at det framleis er viktig å markere dagen.

– Det er viktig å bruke dagen for å minne oss på at ingen siger er vunnen for alltid, seier den fyrste kvinnelege ordføraren i Telemark.