NRK Meny

Store utskiftingar i Høgre

Fylkestingsgruppa i Telemark Høgre er for lite synlege i det offentlege ordskiftet. Det sa leiar i nominasjonskomiteen, Jan Terje Olsen under nominasjonsmøtet. Det blir store utskiftingar i den nye fylkestingsgruppa, og partiveteranar som Kari Fosso frå Kragerø og Karin Mathisen frå Skien får neppe fast plass i det nye fylkestinget.