NRK Meny
Normal

Store røykskadar etter komfyrbrann

Ei kvinne måtte rømme ut av huset da det tok til å brenne mens ho lagde mat. Kvinna kom uskadd frå det, men ho kan ikkje bu i huset med det fyrste.

Brann Hovenga

BRANN: Brannvesenet har søkt gjennom huset på Hovenga. Ingen personar skal vere skadd.

Foto: Roald Marker / NRK

– Brannvesenet melder om at det er såpass store røykskadar i leilegheita, at kvinna ikkje kan bu der i natt, seier operasjonsleiar i Sør-aust politidistrikt, Vidar Aaltvedt.

Brannen skal ha starta mens kvinna lagde seg mat på komfyren.

Kvinna kom seg uskadd frå hendinga, melder politiet

Frykta det var fleire personar i huset

– Me veit at det er registrert to personar på denne adressa, men me veit ikkje om dei er i huset, sa Aaltvedt til NRK da brannen vart meldt inn.

Omkring 20 minutt seinare melder politiet at røykdykkarar har søkt gjennom huset, utan å finne nokre personar.

Laster Twitter-innhold
  • Rykkjer ut for å hjelpe rådyrkalv

    Politiet rykkjer ut til Håvundvegen for å hjelpe ein innringar med å få laus ein rådyrkalv som er klemt under ein høyball.

  • Finn ikkje ut kva forureininga er

    Politiet finn ikkje ut kva den sotaktige forureininga i Frierfjorden er, og har avslutta saka. Det vart fyrst meldt om eit oljeflak utanfor Rafnes industriområde, men undersøkingar viste at det ikkje dreia seg om oljesøl. Stoffet vil løyse seg opp og har ingen miljømessige konsekvensar.

    Forurensing Frierfjorden
    Foto: Robert Hansen / NRK
  • Føraren av stolen bil til legevakt

    Føraren av den stolne bilen blir sendt til legevakt. Føraren blir meldt og skal avhøyrast.

  • Stolen bil stoppa ikkje for politi

    Føraren i ein stolen bil prøvde å unndra seg kontroll da ein patrulje ville stoppe bilen i Siljanvegen i Skien. Bilen stoppa kort tid etter ved ein tvangsmessig stans. Ingen personskade. Føraren er 18 år, utan førarkort og framstår rusa, ifølgje politiet.