Store forskjellar i prisen på hytterenovasjon

VINJE (NRK): I Noregs fjerde største hyttekommune må Gunn Bjerke tømme søpla sjølv, mens naboen på andre sida av vegen får henta søpla av søppelbilen. Likevel betaler dei same prisen for renovasjon.

Gunn Bjerke hiver søppelsekken i bilen

DYR HYTTERENOVASJON: Gunn Bjerke må hive søppelsekken i bilen og køyre ei mil til næraste hyttecontainer, sjølv om renovasjonsbilen stoppar ved søppeldunkane på andre sida av vegen ved E134.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Eg kan faktisk stå på trappa og kaste søppelsekken og treffe søppeldunken til naboen på andre sida av vegen.

Bjerke har hytte like ved E134 i Vinje. På andre sida av vegen tømmer renovasjonsbilen både sort og grøn dunk hos dei som er fastbuande i kommunen.

Fordi ho er hyttebuar får ho ikkje ha dunk ved vegen, men må legge den svarte søppelsekken i bagasjerommet og køyre ei mil til næraste hyttecontainer i Edland. Likevel betalar ho og den fastbuande naboen same pris for renovasjon.

Store forskjellar

NRK har undersøkt prisen du må betale for hytterenovasjon i dei fem største hyttekommunane, og fann store forskjellar.

Skrur opp prisen på hyttesøppel

– Det starta med 500 kroner i året, og så auka det til om lag 1000 kroner. Eg synest det var greitt å betale litt for å bli kvitt søpla, sjølv om eg må køyre litt ekstra, seier Gunn Bjerke.

Men i 2018 endra Vinje kommune renovasjonsgebyret, slik at dei som har hytterenovasjon må alle betale standard abonnement som er på 2479,89 kroner.

– Det klaga eg på, for eg synest ikkje eg brukar hytta så mykje at eg skal betale full renovasjon. Men eg fekk avslag.

Gunn Bjerke på hytte i Grungedal i Vinje

Gunn Bjerke er einsleg, og har ikkje så mykje søppel ho må kaste. Likevel må ho betale standard renovasjonsgebyr i Vinje.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Skal investere i kjeldesortering

Teknisk sjef i Vinje, Åge Verpe, seier at kommunen har lik renovasjonsavgift for fastbuande og hytteeigarar, fordi lova gjev høve til det. Han viser til at kommunar i Nedre Buskerud har innført det same.

– Vi hadde forskjellig avgift i forhold til standard på hytter. Men det er ikkje i tråd med sentrale føringar. Vi kan ikkje ha forskjellig avgift på bakgrunn av standard.

Verpe seier at kommunen har mykje restavfall per innbyggar, og mesteparten kjem frå hytteeigarane. Difor skal kommunen investere mykje i kjeldesortering i hyttefelta neste år.

Tor Simonsen, teknisk sjef Ringsaker

Teknisk sjef i Ringsaker kommune, Tor Martinsen, meiner kommunen har god oversikt over kor mykje avfall som blir samla inn frå hyttefelta.

Foto: Halvor Mykleby / NRK

Betalar for bruken av hytta

Landets største hyttekommune er Ringsaker i Hedmark.

Teknisk sjef i Ringsaker kommune, Tor Simonsen, seier at prisen på renovasjonen blir sett utifrå kor mykje søppel som bli kasta.

– Kostnadene med hytterenovasjon er eit eige rekneskap, og vil vere annleis enn kostnaden med renovasjon frå hushaldningane.

For hytteeigarane betyr det redusert renovasjonsavgift.

– Det som er mindre bruka, er vurdert til å ha ei lågare avgift enn det som er meir bruka.

Men Ringsaker kommune har starta ein gjennomgang av renovasjonsordninga for fritidsbustader med tanke på gebyr, mottaksforhold og kjeldesortering.