Hopp til innhold

Store forskjellar i legevakta

Det er store forskjellar på tilbodet du får på legevakta, avhengig av kva for ein kommune du bor i. Forskjellane handlar blant anna om ulik kompetanse, opningstider og utstyr. – Vi visste ikkje at variasjonane var så store, seier allmennlege Kine Jordbakke, som leier eit prosjekt som kartlegg heile akuttkjeda for pasientar i Telemark.