Hopp til innhold

Store forskjellar i eigedomsskatt

Det er store forskjellar i nivået på skattar og avgifter som kommunen krev av deg.

Treungen, Nissedal

Treungen i Nissedal. Kommunestyret har innført eigedomsskatt på bustader og fritidsbustader for 2015.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Berre de siste fem årene har seks nye kommunar i Telemark innført eigedomsskatt. Nivået på denne skatten varierer mykje.

I Telemark, som i resten av landet, varierer nå eigedomsskatten frå null til sju promille av verdien på bustaden.

Tall frå Statistisk sentralbyrå viser at om du bor i Tinn, Seljord, Kviteseid, Fyresdal, Tokke eller Vinje, slepp du skatt på privatbustad.

I Nissedal, Hjartdal, Bamble eller Porsgrunn, betaler du under fire promille av verdien på bustaden. Bø og Siljan ligg på 4 promille, mens det i resten av fylket er det omkring 7.

Ådne Naper

Ådne Naper er nestleiar i Telemark SV.

Foto: Even Aarnes / NRK

Kommunane har rekna ut at kostnaden for den kommunale eigedomsskatten ligg på mellom 1800 til 5000 kroner i året for ein gjennomsnittsbustad.

Viktig med godt tenestetilbod

Ådne Naper i SV, meiner det er viktig at kommunane kan skattlegge eigedommar, dersom dei trenger det.

– SV er opptekne av at kommunane skal kunne tilby eit godt tenestetilbod. Viss vi treng å finansiere det med eigedomsskatt, så synest eg det er viktig og rett. Og så bør det ver likt og rettferdig uansett kva kommune du bur i, seier Naper.

Naper meiner debatten om ein statleg eigedomsskatt som er lik for alle, vil vere veldig sentral i åra som kjem.

Usosial dobbel skattlegging

Gry Rekanes Amundsen

Gry Anette Rekanes Amundsen er fylkesleiar i Telemark Framstegsparti.

Foto: Tom Ole Buaas

Gry Anette Rekanes Amundsen i Frp er ueinig med Naper.

– Eg synest eigedomsskatt er ein uting. Det er ein usosial dobbel skattlegging som ikkje heng saman med kor mykje du tener, seier Rekanes Amundsen.

Fylkesleiaren i Telemark Framstegsparti meiner det ikkje er behov for ein statleg eigedomsskatt med lik takst for alle.