Hopp til innhold

Stordalen ville jobbe i fjøset

– Mens venninnene mine drøymde om å bli flyvertinner, så hadde eg lyst til å bli budeie og fjøsavløysar, seier Gunhild Stordalen som var gjest på Dyrsku'n for første gong.

Gunhild Stordalen med telemarksku

Gunhild Stordalen treivst på Dyrsku'n med telemarkskua.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Eg har aldri vore her før, men eg har lest om det og blitt fortalt om det av andre som har vore her. Og særleg at det er så mange dyr her er hovudgrunnen til at eg hadde så veldig lyst. Og blant anna stille ut hanen min, noko eg aldri fekk til.

Gunhild Stordalen sitt foredrag på Dyrsku´n 2016

Her kan du sjå og høyre Gunhild Stordalen sitt foredrag om EAT på Dyrsku´n.

Trivest på Dyrsku'n

Gunhild Stordalen trivst på Dyrsku'n denne fredagen.

– Det er fantastisk ver, og fantastiske folk. Og det er viktig at det er så mange bønder her som er utruleg viktig å få med seg når vi skal produsere og endre matsystemet.

Gunhild Stordalen har sans for Telemarkskua som trivst i fjellandskapet, men ikkje er særleg lønsam for bonden.

– Viss vi ser dei reelle kostnadene for mat. Tar med påverknaden for miljøet, tar med helsekonsekvensane av billeg ferdigmat så blir reknestykket eit heilt anna. Og då vil det løne seg å satse på berekraft og helse i matproduksjonen.

I eit slikt reknestykke vil Telemarkskua som er hardfør og har god dyrevelferd bli ein etterspurd vare, og då vil det bli lønsamt, meiner Stordalen.

Gunhild Stordalen på Dyrsku´n

Gunhild Stordalen meiner telemarkskua har ei framtid i ein berekraftig matproduksjon.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Viktig med noko som er større

– Du har hatt mange motbakkar i livet. Kva er det viktigaste for deg?

– Når du lever uvisse i livet, og det er det veldig mange som gjer. Så er det utruleg viktig å ha noko som er større og viktigare enn sitt eige live å tenke på. Og det eg jobbar for nå er EAT og dei moglegheitene vi og fleire og fleire ser for mat. Vi må faktisk tilbake til det Hippokrates sa: "La din medisin vere din mat, og din mat vere din medisin."

Stordalen seier at det er noko av bodskapen som EAT forsøker å få fram.

– Og det som er gledeleg er at fleire og fleire ser dette. Så eg er veldig optimistisk.

Kronprinsparet på Dyrsku´n
Foto: Lars Tore Endresen / NRK