NRK Meny
Normal

Storaure i Totak

Statkraft set ut storaure for å lokke fleire til å fiske i innsjøen.

Ørret (Salmo trutta)
Foto: Rainer Prang / NRK

I fem år skal Statkraft setje ut storaure i innsjøen Totak i Vinje.

Statkraft håpar  denne auren skal beite på noko av all røya i vatnet slik at både auren og røya blir større og feitare.

For målet med prosjektet er å lokke fleire fiskarar til den store innsjøen.

Full av fisk

Totak er ein av dei store innsjøane i Telemark og er full av fisk.

Problemet er at det blir fiska for lite. Det er meir fisk enn mat i vatnet. Og resultatet er at det går meir enn 20 røyer på ein kilo.

For å styrke den lokale stammen av storaure i Totak og samstundes få opp interessa for å fiske er det i haust satt ut 450 store aurer med ein frå 350 til 700 gram.

Skal ete småfisk

- Den 3 år gamle settefisken er basert på den lokale stamma i Totak, seier prosjektleiar Jostein Kristiansen i Statkraft.

Eit tilsvarande prosjekt er tidlegare prøva i Troms med godt resultat. Den store fisken skal ete småfisk, men samstundes vere lokkefisk for tobeinte fiskarar.

Alle settefisken er merka med eit blått plastmerke på ryggen.

Her står det at Statkraft ønskjer å få ei tilbakemelding på kor og når fisken blei teken.