SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Øvinga gjekk føre seg i steikande sol i eit område der det var ein skogbrann som vara i fleire dagar for nokre år sidan.
I tillegg til brannvesenet er sivilforsvaret, eit skogbrannhelikopter og skogbrannfly med på øvinga. Folk som passerte Heddal kunne sjå røyken frå den kontrollerte skogbrannen på lang avstand.
Det einaste skogbrannhelikopteret på Sør-Austlandet deltok også på øvinga. Foto: Åshild Emma Breidalen.
Brannvesen frå Bø, Sauherad, Nome, Porsgrunn, Skien og Drammen deltok på øvinga.
Og dei hadde også fått med seg det einaste skogbrannheliopteret på Sør-Austlandet. Dette er stasjonert på Torp.
Brannsjefane i Telemark ønskjer ei ny organisering av skogbrannberedskapen i Telemark.
Eit 25 mål stort område i Heståsen i Heddal blei tent på under øvinga. Foto: Åshild Emma Breidalen.
Og den nye ordninga blei testa ut under brannøvinga i dag.
Brannsjef i Notodden kommune, Torgeir Kittilsen, seier at utgangspunktet for øvinga er at det var grilling i skogen som har utløyst skogbrannen.
- Vi har slite med å slokke brannen sidan igår kveld, og har måtta innkalla ekstramannskap, seier Kittilsen.
Øvinga går ut på at eit interkommunalt Støtteteam skal rykke inn og bistå det lokale brannvesenet dersom ein skogbrann har vart i fleire dagar, og den lokale leiinga treng kvile.