Hopp til innhold

Stor deponimotstand på 1. mai i Porsgrunn

Motstandarane av deponi for farleg avfall var i fleirtal i 1. mai toget i Porsgrunn. Ordførar Robin Kåss kan ikkje hugse eit større 1. mai arrangement.

1. mai i Porsgrunn

1. mai toget i Porsgrunn med Raymond Johansen som hovudtalar samla mange folk i det fine vêret.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

På førehand var det varsla at deponimotstandarane ville mobilisere for å vise sin motstand mot at eit deponi for farleg avfall skal bli lagt til Dalen gruver i Brevik.

Jan Erik Parr i folkeaksjonen "Vern om Grenland".

Jan Erik Parr var glad for støtta til deponimotstanden på 1. mai.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Jan Erik Parr i folkeaksjonen Vern om Grenland var strålande fornøgd.

– Vi meir enn dobla lengda på toget. Og då trur eg både LO og politikarane bør legge merke til det.

Han meiner den store oppslutninga i 1. mai toget om Nei til deponi parolen viser engasjementet og at dei har mykje støtte i ryggen.

– Og det kan vekke dei som kanskje ikkje følgjer så godt med. Det vekker kanskje dei som trur at dette er avgjort, for det er det ikkje. Avgjerda ligg framføre oss. Og det er den vi prøvar å gjere om til eit nei til deponi.

Han seier at deponimotstandarane kjem å slåst til "the bitter end", og at menneskerettsdomstolen i Strasbourg blir siste instans dei vil prøve saka.

Nei til deponi parolen i 1. mai toget i Porsgrunn var dobbelt så stort resten av toget.

Det var flest som gjekk under parolen "Nei til deponi" i 1. mai toget i Brevik. Denne seksjonen var om lag dobbelt så stor som resten av toget.

Bør lytte til lokale avgjerder

Byrådsleiar i Oslo, Raymond Johansen, var hovudtalar på 1. mai i Porsgrunn og Skien. Talen hans bar preg at det er kort tid til valet, men han kunne ikkje unngå å legge merke til det lokale engasjementet i Porsgrunn.

Raymond Johansen taler 1. mai i Porsgrunn

Raymond Johansen bad regjeringa lytte til politikarane i Porsgrunn i deponisaka.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Eg er svært opptatt av at regjeringa lyttar til og følgjer lokale avgjerder, sa Johansen til applaus frå dei frammøte på rådhustrappa i Porsgrunn.

Vålerengasupporter Raymond Johansen nytta også høve til å takke for Ronny Deila når han var i Porsgrunn.

Han framheva Porsgrunn som eit av Norges aller største industrisamfunn med lange arbeidartradisjonar og ei sterk arbeidarrørsle.

– 100 år med industri, innovasjon og endring. Omstillingar som har ført til ny vekst og fleire arbeidsplassar enn nokon gong tidlegare. Utviklinga av Grenlandsregionen gir eit historisk bilde av eit Noreg i endring.

Robin Kåss og Thor Kamfjord på 1. mai Porsgrunn

Ordførar Robin Kåss og Thor Kamfjord i Brevik vel meiner det er rett å bruke 1. mai til å vise motstand mot deponiet for farleg avfall.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Klar bodskap frå Porsgrunn

Leiar i Brevik vel, Thor Kamfjord var glad for støtta Raymond Johansen gav til ordførar Robin Kåss og lokaldemokratiet i Porsgrunn i deponisaka. Han meiner det er rett å bruke 1. mai.

– Vi kjempar for framtidas arbeidsplassar og framtidas industri. Det meiner vi å ha eit anna svar på enn det som har blitt presentert Porsgrunn tidlegare.

Ordførar i Porsgrunn, Robin Kåss, seier han ikkje kan hugse at det har vore så mange i 1. mai toget i Porsgrunn før.

– Det er bra at folk har engasjement og at dei støtter opp om lokaldemokratiet. Dette er ei sak der bystyret har vore tydeleg. Regjeringa vil ikkje respektere det ennå, så då er det bra at dei får ein så klar bodskap frå Porsgrunn i dag.