Kommunane Vinje, Hjartdal, Seljord og Tinn får likevel ikkje bestemme over det verna området Brattefjell-Vindeggen.
Direktoratet for Naturforvaltning stoppar forsøket fordi Vinje kommune ønskjer å få betalt for den jobben det er å take vare på eit slikt område.
Det fortel seksjonssjef Olav Nord-Varhaug i Direktoratet.
Vil ha lokal råderett
Olav Tho
Ordførar i Hjartdal, Olav Tho, seier seg lei for at Vinje kommune seier nei til lokal forvalting av Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde.
Vinje nektar å bli med på samarbeidet med tre andre kommunar fordi Staten ikkje vil betale for arbeidet med ein forvaltingsplan.
Ordførar Tho seier at lokal råderett over området har mykje å seie for kommunane og grunneigarane rundt landskapsverneområdet.