NRK Meny
Normal

Stoltenberg: – Verkelegheita har synt oss at terror råkar alle

Tidlegare utanriksminister og fredsmeklar Thorvald Stoltenberg trur ikkje at norske muslimar vil kjenne seg stigmatiserte sjølv om regjeringa og PST i går åtvara mot terror.

Thorvald Stoltenberg

Det er umogleg å forstå det sterke hatet mellom ulike muslimske gruppe, seier Thorvald Stoltenberg.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– 22. juli 2011 lærde oss at også Noreg er med i verda, også på dei negative sidene. Me er som folk blitt meir balanserte, og har lært at me ikkje skal hoppe til lette konklusjonar.

Stoltenberg meiner at terroraksjonane mot regjeringskvartalet og Utøya har gjort at me er meir forsiktige, ikkje har så lett for å døme grupper som til dømes muslimane.

Christopher Halvorsen og Helene Gravdal

Christopher Halvorsen og Helene Gravdal kjenner seg ikkje trygge i byen etter terroråtvaringa.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Redd for å gå i byen

Kjærasteparet Helene Gravdal og Christopher Halvorsen er på bytur i varmen. På spørsmålet om dei er redde, svarer dei:

– Ja, det er eg. Veit ikkje akkurat om eg skal seie redd, men eg kjenner meg ikkje trygg, seier Gravdal.

Kjærasten Christopher er ikkje redd, men seier at det er viktig at du passar på kven du går saman med i byen.

Går du med nokon som du veit heng i feil miljø, kan det vera litt skummelt, men elles er eg ikkje redd, legg han til.

Halvorsen har mange muslimske venner, men terrortrugsmålet er ikkje eit tema når dei snakkar saman.

Alle dei er ganske snille, og synest det er fælt at Noreg skal bli terrortruga.

Han trur mange nordmenn har lett for å skjere alle muslimar over ein kam, og det er ikkje rett. Mange kjem her for å få skule, arbeid og eit godt liv.

– Me kan bli flinkare til å skilje, ikkje ta alle over ein kam. Me kan setje oss ned og tenkje over kva vi gjer, avsluttar Halvorsen.

Hatet er sterkt

Kan du forstå det enorme hatet?

Nei, eg skjønnar det ikkje.

Svaret frå Thorvald Stoltenberg er kontant. Han seier at det er umogleg for han å forstå det sterke hatet mellom ulike muslimske grupper, og mellom ulike folkegrupper.

– Sjølv etter alle åra som fredsmeklar, er dette vanskeleg å skjønne. Det har med forhistoria å gjera, dei har levd generasjonar i strid. Eg ser kva som skjer, men det tek lang tid å bryte ned hatet, seier han.

– Det er eit handikap, legg Stoltenberg til, det at me ikkje forstår hatet når du skal mekle. At du ikkje forstår kor sterkt hatet kan vera.

Stoltenberg undrar seg også over hatet som nordmenn, enkelte grupper av nordmenn, gjev uttrykk for når det gjeld journalistar som rapporterer ærleg, heiderleg og skikkeleg heimover frå Midt-Austen.

– Dette er heilt uakseptabelt, og det må me alle jobbe med.

– Å skjere ned hatet er noko av det viktigaste ein kan gjere for å få til fred, avsluttar den tidlegare fredsmeklaren.

  • Ny trafo til 100 millioner

    De planlagte bedriftene og utvidelsene i industrifeltet på Svadde i Tinn vil kreve så mye energi at en ny trafostasjon til 100 millioner må bygges innen 4-5 år, melder Rjukan Arbeiderblad.

  • Vær forsiktig i trafikken

    Politiet oppfordrer alle til å være forsiktige ute i trafikken.

    Laster Twitter-innhold
  • Sykehuset må kutte med 68 mill.

    Sykehuset Telemark må kutte drifta med 68 millioner kroner neste år. Sykehusdirektør Tom Helge Rønning sier til TA at det blir tøffe tak, og at også klinikksjefene sier det blir krevende. I år har sykehuset kutta 80 millioner kroner.

  • Færre gir til Frelsesarmeen

    Frelsesarmeen har i år økt pågang av barnefamilier som ber om hjelp til jul. Samtidig har folk så langt puttet mindre peger i julegryta. – Vi fått inn 55 000 mindre enn på samme tid i fjor, sier Kaptein Laila Granseth til Varden.