Hopp til innhold

Stolen bil funne i grøfta

Like etter klokka 18.00 fekk politiet inn ei melding om at ein bil hadde køyrd ut av vegen ved Gjerdemyra i Kragerø. Da politiet kom i kontakt med eigaren viste det seg at bilen var stole.

Stelt bil køyrde ut av vegen
Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Da me kontakta eigaren av bilen kom det fram at denne bilen var stolen. Det visste ikkje eigaren før me tok kontakt, seier operasjonsleiar Terje Pedersen.

Bilen vart funne i grøfta på Drangedalsvegen ved Gjerdemyra i Kragerø. Like ved avkøyrsla til E18. Ut ifrå den informasjonen politiet har skal det ha vore to personar i bilen da den hamna i grøfta. Men dei hadde dratt frå staden da politiet kom.

– Me er på staden og gjer undersøkingar, seier Pedersen

stolen bil i grøfta
Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK