NRK Meny
Normal

Sterk vind skapte trøbbel

Politiet ber bilistar vere varsame om dei tenker å gje seg ut i det dårlege vêret. Fleire tre har velta over vegar i Telemark i går kveld.

Kart over uvær

HAUSTSTORM: Slik låg uvêret over Telemark kl. 20.30.

Foto: Meteorologisk institutt

– Me sender ut entreprenørar for å rydde vegane med ein gong me får inn meldingar om velta tre, opplyste Vegtrafikksentralen i Porsgrunn.

Fleire stader i fylket har vegane til tider vore sperra fordi fleire tre har velta over vegbana. Det er også meldt om eit stillas som velta på Rjukan.

– Me ber bilistar til å vere varsame langs vegen. Den sterke vinden kan forårsake trevelt, meldte politiet. Som nå på morgenen sier at alt skal være under kontroll.

Det ble meldt om trevelt desse stadene i Telemark:

  • E134 mellom Jerpetjønn og Elgsjø på Notodden er delvis sperra, etter at eit tre har velta over vegen, melder politiet.
  • Eit tre sperrar delvis vegbana på E134 ved Notodden. Treet ligg ved avkøyrsla til Goasholt avfall og Leirstein motorsportanlegg. Politiet seier folk må vere varsame.
  • Eit tre har velta på E134 ved Ørvella i Bamble. Treet sperrar delvis vegen. Politiet melder om at treet kjem fort på bilistane.
  • Eit tre har velta ved Holtsåsen stasjon på fylkesveg 360 i Sauherad. Treet sperrar begge køyrefelt på staden. Vegtrafikksentralen er varsla, melder politiet.
  • Eit tre har velta over Hovinvegen på Notodden. Treet ligg ein stad mellom Ormemyrkrysset og Sandvatn. Vegen er sperra, melder politiet. Vegtrafikksentralen har blitt varsla om hendinga.
  • Nytt aktivitetsområde i Seljord

    Seljord kommune legg tysdag fram planane for eit nytt aktivitetsområde på Eventyrøy. Kommunen har i samarbeid med lokale aktørar sendt søknad om stønad til Kulturdepartementet og deira satsing på nyskapande aktivitetsområde.

    Labyrint i på Eventyrøy i Seljord
    Foto: Seljord kommune
  • Ny styreleiar i Porsgrunn Utvikling

    Generalforsamlinga i Porsgrunn Utvikling har vald Bjørn Christian Anker (65) som ny styreleiar. Han overtar etter Ole Henrik Lia. Anker er i dag dagleg leiar i Betonmast Telemark as.

    Bjørn Christian Anker, styreleiar Porsgrunn Utvikling
    Foto: Hege Schjøth Øverås
  • Mindre brann hjå Tinn kommune

    Tinn kommune skriv at dei har hatt ein mindre brann på Servicetorget som gjer at dei held stengt ut dagen. Dei er som vanleg å treffe på 35 08 26 00.

  • Oransje nivå for flaum og skred

    NVE oppjusterer obs-varselet i Telemark. Nå er både flaum- og jordskredfaren på oransje nivå, som er det nest høgaste.