Hopp til innhold

Sterk vind skapte trøbbel

Politiet ber bilistar vere varsame om dei tenker å gje seg ut i det dårlege vêret. Fleire tre har velta over vegar i Telemark i går kveld.

Kart over uvær

HAUSTSTORM: Slik låg uvêret over Telemark kl. 20.30.

Foto: Meteorologisk institutt

– Me sender ut entreprenørar for å rydde vegane med ein gong me får inn meldingar om velta tre, opplyste Vegtrafikksentralen i Porsgrunn.

Fleire stader i fylket har vegane til tider vore sperra fordi fleire tre har velta over vegbana. Det er også meldt om eit stillas som velta på Rjukan.

– Me ber bilistar til å vere varsame langs vegen. Den sterke vinden kan forårsake trevelt, meldte politiet. Som nå på morgenen sier at alt skal være under kontroll.

Det ble meldt om trevelt desse stadene i Telemark:

  • E134 mellom Jerpetjønn og Elgsjø på Notodden er delvis sperra, etter at eit tre har velta over vegen, melder politiet.
  • Eit tre sperrar delvis vegbana på E134 ved Notodden. Treet ligg ved avkøyrsla til Goasholt avfall og Leirstein motorsportanlegg. Politiet seier folk må vere varsame.
  • Eit tre har velta på E134 ved Ørvella i Bamble. Treet sperrar delvis vegen. Politiet melder om at treet kjem fort på bilistane.
  • Eit tre har velta ved Holtsåsen stasjon på fylkesveg 360 i Sauherad. Treet sperrar begge køyrefelt på staden. Vegtrafikksentralen er varsla, melder politiet.
  • Eit tre har velta over Hovinvegen på Notodden. Treet ligg ein stad mellom Ormemyrkrysset og Sandvatn. Vegen er sperra, melder politiet. Vegtrafikksentralen har blitt varsla om hendinga.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark