Hopp til innhold

Stenger plassen for romfolket

Romfolk i Grenland får ein vanskelegare kvardag når rasteplassen dei har bruka blir stengt.

Tiggarcamp

Romfolket får ikkje lenger bruke denne rasteplassen etter 1. desember.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Romfolket får ikkje lenger bruke rasteplassen ved E18 på Lannerheia i Porsgrunn. Det har Statens vegvesen bestemt.

Les også:

Plassen blei opna i fjor sommar, men Vegvesenet skriv i eit brev til støtteforeininga for romfolket at dei ikkje vil fortsette utleige av området.

Skjønar ikkje avgjerda

Bjørn Erik Kristiansen

Bjørn Erik Kristiansen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Bjørn Erik Kristiansen i støtteforeininga er skuffa over avgjerda.

Han kan ikkje sjå at den vesle romleiren som vegstellet sjølve sette i stand kan vere til hinder for at vegstellet kan arbeide på vegen.

– Det skjønar eg ikkje. Og det trur eg ikkje er tilfelle, seier Kristiansen.

Porsgrunn kommune har bestemt at dei vil støtte romleiren ved Lannerheia til 1. desember.

Omsynet til naboane

Eivind Gurholt.

Eivind Gurholt.

Foto: Christina Førli Aas / NRK

Eivind Gurholt i Statens vegvesen, seier dei heller ikkje har noko ønske om å leige ut tomta etter dette.

– Ut frå omsynet til naboane. Drifta av vegnettet, og når også kommunen trekk seg ut, så vil vi ikkje fortsette ordninga, seier Gurholt.

Kristiansen seier dette kjem til å bety vanskelegare kvardagar for romfolket.

– Dei vil vel kome til å bu i bilane sine rundt om på dei bensinstasjonane som finst i området.